Jordbruksoppgjeret gir 25.000 meir pr årsverk for bonden

16.05.2011
Staten har inngått avtale med Norges Bondelag med ei ramme som gir grunnlag for ein inntektsvekst på 10 ¼ prosent, eller om lag 25.000 kroner pr årsverk i 2012, i høve til 2011, når verdien av jordbruksfrådraget er medrekna. – Vi fekk 500 millionar meir ved å fullføre forhandlingane, sier Bondelagets leiar Nils T Bjørke, dette utgjer 10 000 kroner per årsverk og desse pengane treng bøndene, seier han. Småbrukarlaget trakk seg tidleg mandag frå forhandlingane fordi dei meinte at inntektsgapet mellom bønder og andre grupper ikkje ville bli betra gjennom desse drøftingane.

Hadde vi ikke fullført forhandlingane ville bøndene gått glipp av 500 milllionar ekstra, seier Nils T Bjørke er leiar i Bondelaget, men dette er likevel ikkje er med å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet.  Foto: NB

 

Vekt på husdyrtilskudd og korn

- Under den rødgrønne regjeringa har jordbruket hatt ei svært god inntektsutvikling. Årets avtale fører vidare denne politikken. Medrekna årets avtale er inntekts-moglegheitane i jordbruket auka med 110.000 kroner pr årsverk, i perioden 2006-2012, seier landbruks-og matminister Lars Peder Brekk.
- Avtalen prioriterer husdyrhaldet i distrikta og kornproduksjon. Det er tatt omsyn til svakare inntektsutvikling i jordbruket fra 2006 til 2011 enn det partane la til grunn for avtalen i 2010, seier Brekk.

 

Statsråd Lars Peder Brekk meinar at bøndnene har fått ei inntektsvekt på 110 000 per årsverk medan han har vore landbruksminster og at dette utgjer 7 % vekst.  Foto:  LMD

 

Matproduksjonsavgifta blir avvikla

Avtalen er basert på at Regjeringa vil gjere framlegg om å avvikle matproduksjons-avgifta i statsbudsjettet 2012. Totalt blir avgiftsletta om lag 615 millioner kroner. Av dette vil 280 millioner kroner gjelde norskproduserte jordbruksvarer.
- Denne avgiftsletten vil ha mykje å seie for alle i matproduksjonskjeda, frå bonden til heile næringsmiddelindustrien, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

 

 

Prisauke

- Avgiftsletten fører til at det vil bli liten prisvekst for forbrukerane, om lag 0,7 prosent, seier Lars Peder Brekk.
Effekten på forbrukarprisane kan bli om lag 1,6 prosent på mjølkeprodukt og egg, 1,1 prosent på kjøt, 0,7 prosent på brød og kornprodukt, 0,6 prosent på frukt, poteter og grønnsaker. Opplysningsarbeidet for frukt og grønt vil bli styrkt.

 

Auka løyvingar over statsbudsjettet

For tiltak over statsbudsjettet er direkte tilskott til bøndene prioritert. Det blir lagt vekt på å styrke økonomien i mjølkeproduksjonen og kornproduksjonen. Samla løyving over statsbudsjettet vil auke med 365 millioner kroner. Omdisponering innanfor budsjettet gjer det mogeleg å auke løyvingane til areal- og kulturlandskapstilskott, husdyr¬tilskott, driftstilskott og beitetilskott med til saman 524 millioner kroner.

 

 

Oikos - Økologisk Norge  kjem tilbake med vurdering av ordningane for økologisk produksjon

 

 

Følgjande utrekning er presentert i tabell 4:

Økologisk mjølkebruk med23 årskyr og  1,86 årsverk.

Inntekt før oppgjeret i 2011 på kr 333 400. 

Endring fra 2011 til 2012 med kr  28 900: 

Endring frå 2010 til 2012 med kr  37 800

 

Sjå heile tabellen her

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere