Kjær gartneri kåra til årets økologiske produsent

23.08.2012
Under festmiddagen på Den Norske Matfestivalen i Ålesund i kveld, fekk Kjær gartneri i Vestfold prisen som årets økologiske produsent. Prisen vart overrekt av Møre og Romsdal fylke. –Med gode kvalitetetsprodukt over ei rekke år, gjer Kjær gartneri seg vel fortjent til prisen, seier marknadssjef Reidar Andestad i Oikos – Økologisk Norge, som har vore medlem i juryen.

Viktig bidrag til utvalet av økologisk

Etter eit par år med relativt svak utvikling innafor sal av økologiske grønnsaker i Norge, fekk vi ei positiv omsetjingsauke på ca 10 % i 2011. Segmentet økologiske grønnsaksfrukter, som i hovudsak inneheld tomat og agurk, hadde ein omsetjingsauke på heile 19 % frå 2010 til 2011. Ein av produsentane som har bidratt til den positive omsetjingsauka av økologiske grønnsaker, er cherrytomatprodusenten. Kjær gartneri ved Martin Danielsen er ei familiebedrift med lange tradisjonar innan produksjon og sal av grønsaker av høg kvalitet. Bedrifta er gradvis lagt om til økologisk drift frå 1990-talet. I dag er alt arealet på garden drive økologisk, seier juryen i si grunngjeving.

 

-Det er behov for å bruke prisutdelinga til å utfordre dagligvarekjedene til å benytte norske grønsaker og norsk frukt i større grad. Kjær gartneri er eit godt døme på eit produksjonsmiljø med høg kompetanse som vi må ta vare på i Norge, seier Reidar Andestad.

 

Rik på kvalitet og smak

Bedrifta har sterkt fokus på smak og smaksopplevingar. Produksjonen er i dag spesialisert på cherrytomat, og innanfor cherrytomat er produksjonen spissa mot sortar med ekstra gode smakseigenskapar. I tillegg er produksjonsmetodane lagt opp på ein slik måte at det fremmar utviklinga av god smak i produkta. Cherrytomaten blir dyrka i jord med næring frå eiga husdyrgjødsel, i motsetning til dyrking i vatn med næringsoppløysing eller mineralull, som er vanleg i konvensjonell dyrking. Cherrytomaten blir også modna på planta, noko som, i følgje Danielsen, er heilt nødvendig for å få fram den gode smaken.

 

Desse dyrkingsmetodane er utfordrande med tanke på å unngå skader under plukking og transport, og lagringstid for modne produkt. Det krev rask nedkjøling og rask transport av produkta ut til butikk. Kjær Gartneri har bygd opp ein produksjon der det blir teke omsyn til alle desse faktorane, og leverer eit godt, smakfullt produkt til forbrukarar over store deler av landet gjennom avtalar med daglegvarekjeden Coop, og gjennom Meny og Spar i Vestfold. Kjær Gartneri har utvida produksjonen gradvis i takt med etterspørselen, med utbyggingar av nye drivhus i 2002 (1000 m2) og 2005/6 (3000 m2).


Oikos - Økologisk Norge gratulerar!

 

Annonsører

Samarbeidspartnere