Kongressen stoppar genmodifisert laks i USA

20.06.2011
Den genmodifiserte laksen som har vore til godkjenning hos det amerikanske mattilsynet sidan i fjor, er no stoppa av kongressen, skriv Nationen.
–Dette er eit svært viktig vedtak i kongressen som viser at GMO-kreftene i USA ikkje kan kjøre vidare slik dei har gjort så lagt, seier Reidar Andestad i Oikos – Økologisk Norge.

GMO-laks frå USA .  Foto:  Politico


Vekst dobbelt så fort

GMO-laksen veks dobbelt så fort som vanleg laks. Kongressen vedtok denne veka at mattilsynet (Food and Drug Administration) ikkje får bruke meir pengar på å godkjenne den genmodifiserte laksen som menneskemat - og sette dermed i praksis foten ned for monsterlaksen.

- Greenpeace er glade over vedtaket og vonar dette set ein endeleg stopper for den vidare utviklinga av monsterlaks, seier Truls Gulowsen i Greenpeace i ei pressemelding.

 

Motstand i Norge

I Noreg er det motstand mot monsterlaksen - tidlegare har både oppdrettsnæringa og Direktoratet for Naturforvaltning uttrykt skepsis.  Oikos - Økologisk Norge har potestert kraftig på utviklinga i USA på dette området og har bedt norske myndigheter protestere i forhold til USA.

 

Les meir om denne saka i Nationen

 

USA sjokkerer med GMO-laks, sjå tidlegare oppslag på Oikos-sida

 

Annonsører

Samarbeidspartnere