Koplar bonden og forbrukaren

18.01.2016
Hovudtema på Aurlandsseminaret i år, er korleis bonden skal få betre grep på verdikjeda, i ein marknad i endring. Sogn Jord- og Hagebruksskule er arrangør. Meld deg på nå.

Vegen mellom bonde og forbrukar har over år vorte lang og attgrodd. Det er store moglegheiter for bonden nå, når forbrukaren har vorte meir bevisst.

Vil ha bonden på øko-banen
- Marknaden for lokalmat har eksplodert dei siste åra og det er eit sug etter godt handverk. Nå gjeld det at bonden utnytter dette og tek grep rundt verdikjeda til det han eller ho produserer, seier Hans Avdem. Han er ein av elevane som er med i arrangementskomiteen.

Årets Aurlandsseminar sitt hovudtema er korleis bonden kan utnytte potensialet til ein marknad i endring og det kjem eit spannande panel med lang fartstid frå vegen mellom bonde og forbrukar.

Nye vegar til kunden
Gunnar Vittersø, seniorforskar ved forbruksforskningsinstituttet SIFO, har forska på direkteomsetning av mat frå gardsutsal og Bondens Marked, og vil fortelje om kva han har oppdaga om potensialet til lokalmat.

I dei siste åra har det vokse fram nye, kreative og lønsame måtar for bonden å nå fram til forbrukaren på. Kjersti Helgeland, dagleg leiar for Dysterjordet andelslandbruk, vil halde foredraget ”Andelsbøndene – bondens nye allierte”.

Cathrine Røsseland, trendanalytikar og styremedlem i Oslo Kooperativ, vil snakke om nye trendar, og korleis dei kan tene både bønder og forbrukarar.

Grøn handling
Politikarane snakkar om det «grøne skifte», men kva inneber eigentleg dette? Mogens Lund, direktør for matproduksjon og samfunn i NIBIO, vil gjere ting klarare for oss i foredraget ”Frå forsking til handling i det grøne skiftet”.

Blir den grunnleggjande økologiske tankegangen borte i jaget mellom lokalmatsatsing, merkevarebygging og vekst? Økopioner og styreleiar i Oikos – Økologisk Norge, Olav Arnar Bø, vil gå inn på dette i foredraget ”Økologisk landbruk – i dag og framover”.

Å byggje ei merkevare
Korleis byggjer ein ei merkevare? Cecilie Dawes og Eva De Moor frå Food Studio vil gje oss ein peikepinn. Dei har jobba med konseptutvikling for Norgesgruppen og vil fortelje oss korleis dei store aktørane tenkjer når dei driv merkevarebygging.

Aud Slettehaug, dagleg leiar i kompetansenavet Vest, vil halde foredraget ”DU er sjefen, krev din plass i ein aukande marknad for lokalmat”.

Ærleg, rein og klimavenleg
Leiar i Norsk Gardsost og mjølkebonde, Sigurd Avdem, kjem for å snakke om korleis vegen fram til forbrukaren har vorte til i foredraget ”Avdem gardsysteri - frå Bondens Marked til restaurant Noma og Avdemsbue”. God kjøpekraft, stor interesse for ærleg og rein mat og framleis liten konkurranse i marknaden gjer Noreg til det beste landet i Europa for å starte opp med lokal foredling, hevdar han.

Korleis kan ein drive forretning på ein klimavennleg måte? Det vil Hilde Rimereit frå ”Idunns Epler” gje oss svar på i foredraget ”Assosiativ økonomi – økonomi og forbruk i ei berekraftig retning”. Ho driv butikk basert på tanken om å gå bort ifrå dagens konkurranse- og vekst-tenking til ei dreiing mot berekraft i alle ledd.

Inspirasjon og kunnskap
Aurlandsseminaret har vorte ein årleg tradisjon ved Sogn Jord- og Hagebruksskule. Seminaret blir arrangert til inspirasjon og kunnskapsutveksling rundt dagsaktuelle tema.

Bønder, forbrukarar og alle som er interessert i utvikling av landbruk og matproduksjon er velkommen til to spennande dagar i Aurland.

For meir informasjon og påmelding, sjå HER

Kjelde: Pressemelding frå Aurlandsseminaret

Annonsører

Samarbeidspartnere