Korleis lukkast som lokalmatprodusent?

09.10.2012
Treng eit godt produkt godt design? Kva salskanal er sikrast for lokale og økologiske produsentar, og korleis vinne fram i prisforhandlingar? Dette var nokre av spørsmåla som vart stilte på seminaret ”Korleis lukkast som lokalmatprodusent?” på Måltidets hus i Stavanger torsdag 4.oktober.

 

 

 

 

 

Design – ei lønsam investering

Kring 20 deltakarar, flesteparten lokale produsentar, sat lydhøyre til foredraga under lokalmatseminaret i sine rette omgjevnadar på Måltidets hus torsdag 4.oktober. Jan-Otto Jacobsen frå Uniform Strategisk Design opna dagen med klare råd om viktigheita av god design og viste til erfaringa frå arbeid med både merkevaren Helios og den økologiske gourmetrestauranten MAAEMO. Kan hende litt store aktørar samanlikna med lokalmatprodusentar. Det vart likevel konkludert med at design er ei lønsam investering for dei aller fleste, noko som seinare på dagen vart bekrefta av Elisabeth Grønvik frå Grønvik gard som har utvikla den lekre Grønvik eplemost.

 

Vil møte produsenten – ikkje konsulenten

Produsentane må lære å selje seg sjølve, ha kundekravet med pris og det heile i orden før eit forhandlingsmøte og vere tydelige på det særeigne ved sitt produkt. Dette var noko av kjerna til Frode Kristensen i Matmerk, som snakka breidt om val av den mest eigna salskanalen for kvar produsent sine produkt og om forhandlingsteknikk for å kome der inn.

 

Kommunikasjon og tilgjengeligheit

Charles Tjessem frå restauranten Charles&De, Lars Strøm frå Clarion hotell Stavanger og Petter Mugaas Joakimsen frå Herlige Stavanger hadde også ein enkel bodskap om krav til lokal og økologisk mat - dei vil også møte og høyre frå produsenten. Berre at produsenten av den kjente Jærosten sat i rommet under seminaret var nok til at Tjessem vart minna på å ta inn osten i restauranten. Med god kommunikasjon, tilgjengeligheit og stabile leveransar er det god plass til lokalmat i både restaurantar og hotell.

 

Å vera stolt av produktet

Resten av dagen handla om distribusjonsmoglegheiter, gjennom Bondens marked og Tine distribusjon, og ulike støtteordningar for økologisk og lokal mat. Heilt til slutt fekk me høyre historiane til Elisabeth Grønvik med økologisk eplemost og Bo Jensen frå Aurenes gårdsmeieri med kvitskimmelosten Knudenosten som i fjor fekk prisen Det norske måltid. Å vera stolt av sitt eige produkt, å ha eit kvalitetsprodukt og å vera tru mot eitt produkt var nokre av råda dei to produsentane kunne gi. Jo fleire som får det til, jo fleire produkt har me og jo fleire produkt blir selt, var Grønviks salsteori og ønskja meir samarbeid produsentar i mellom.  

 

Føde for hjerne og mage

Med foredragshaldarar og deltakarar var det godt over 30 stykk til ein nydelig lunsj, tilbereida av Gastronomisk institutt, med økologiske og lokalproduserte råvarer. Me gjekk derifrå fulle i mage og sinn, og med trua på at lokal og økologisk mat berre vil vakse i tida framover i matfylket Rogaland.

 

Sjå fullstendig program her

Annonsører

Samarbeidspartnere