Kua er ingen miljøversting

10.12.2015
Stadig dukkar det opp påstandar i media om at kua er ein miljøversting. Det finnes fleire forskingsrapportar som tilbakeviser at det er kua det er noko gale med.

Sanninga er vel at det er industrisamfunnets bruk av kua som er feil. Det riktige er vel omtrent det motsette av klimaverstingpåstanden. Drøvtyggjarane våre, som storfe, sau, geit, og alle villdyra, som elg, hjort, rein, bøffel, antilope, sebra, gnu, kamel med fleire, har vore med på å binde karbon inn i jorda, og med det senka temperaturen, slik at det no i ein del hundretusen år har vore leveleg for mellom anna oss menneska på jorda.


Karbonbinding og god jordkvalitet med beitedyr
Det er som beitedyr at kua gjer sin store innsats for å binde karbon. Mange meiner at beitedyr og beitegras kan binde meir karbon enn det skog kan gjere. Det er ikkje først og fremst som karbonbindar vi ønsker å berge regnskogen - det er i hovudsak for å ta vare på artsmangfaldet og av vær/metereologiske grunnar. Tenk på oppbygginga av det tjukke svartjordlaget - steppene - i Sør-Aust-Europa - særleg Ukraina. Fortsatt driv bøndene der og tærer på oppbygde humuslag frå hundretusenvis av år. Tenk på savannane i Afrika, Nord- og Sør-Amerika og Australia. Her har beitedyr sørga for effektiv stimulering av grasplantene slik at fotosyntesen gradvis har bygd opp tjukke humuslag. Etterkomarane etter dei som emigrerte til Amerika for 100-200 år sidan, haustar fortsatt på restane av den enorme fordelen det er med rikt mikroliv i humusrik jord. Men no er prærien stort sett ”nedslitt”.

Menneska gjer kua til miljøversting
Overalt der ein industrialiserer landbruket blir beiting sett på som ein ineffektiv måte å drive på. Beitedyra vert sette på bås og den gamle kunnskapen om beitebruk har ikkje vore på moten på lenge. Det einsidige planteproduksjonslandbruket bryt ned humusinnholdet og slepper ut CO2 i atmosfæren, og kua vert halden i hus heile året. Jo meir grovfôr ein byter ut med kraftfôr, jo mindre miljøriktig blir kua. Dermed blir kua gjort til den miljøverstingen mange påstår at ho er. Også kuskiten er gull verdt for mikrolivet i jorda. Grisen og høna livnærer seg naturleg på ”avfall”. Men i industrialisert landbruk er desse dyra omgjort frå å vera del av eit nyttig kretsløp til å bli effektive produksjonsmaskiner avhengig av korn og soya frå nedbrytande einsidig åkerbruk. Likevel blir dei sett på som klimavinnarar. Slik er både forskarar og ”idealistar” i m.a. Framtiden i våre hender med på sette verden opp-ned - sanning blir sett på som løgn.

Eit anna syn på beitedyr
Den tyske veterinæren og forskaren Anita Idel har i boka ”Die Kuh ist kein Klima-Killer!” påvist at det er mennesket sitt moderne bruk av kua som er problemet - ikkje kua. Det er dette ein prøver å gjere seg nytte av i kravet om at beitedyr skal ut på beite om sommaren. Det er denne kunnskapen som m.a økobonden Trond Qvale bruker i sitt prosjekt med grasbasert kjøttproduksjon på gården Horgen i Akershus. Det er denne kunnskapen den pensjonerte offiseren frå Ian Smith-tida i Zimbabwe - Alan Savory - reiser verden rundt og doserer. Det er denne kunnskapen Jørgen Andersson og Oskar Olin, frå Åre i Sverige, bruker i sitt prosjekt Nordic Savory HUB. Holistic management: Beiting som basis i kjøttproduksjon og oppbygging av humus i beitemark. Mange synes no å tru at vi, med å fjerne beitinga, plante skog og la skogen overta landskapet så bind vi CO2 og berger miljøet. Sanninga er nok det motsatte. Det er truleg det gammaldagse beitebruket med opne landskap og ku, geit og sau på alle bruk som bind mest karbon. Det er dette som både krev minst energi, og skåner klimaet, og derfor er mest framtidsretta.

Interessen for grasbasert kjøtt og mjølk aukar sterkt for tida. Spør etter økologisk kjøtt produsert på gras du også. Då er du med på å binde karbon. Grasbasert kjøtt finnes. Om få år kjem kanskje grasbasert mjølk også.

Tekst: Jakob Bjerkem
Foto: Jenny Isenborg Sultan, ØQ

JAKOB BJERKEM sit i styret i Oikos Nord-Trøndelag, og har tidlegare vore styreleiar i Oikos på landsplan. Han er også dagleg leiar og ei av eldsjelene bak selskapet Naturkjøtt SA.

ARTIKKELEN er henta frå Nationen, publisert 30.11.2015

Annonsører

Samarbeidspartnere