Lagar moteklede av økomjølk

10.10.2011
Nå kan det bli ny fart i omsetning av økologisk mjølk i Norge. Du kan lage klær av mjølka. Anke Domaske (28) lagar moteklede av mjølkefiber, skriver framtida.no.

Inga mjølk er meir naturleg enn økologisk mjølk. Nå blir den også brukt til å lage klær.  Foto:  You Tube


Mjølk på mote

I haust er det mjølk som er på moten. Anke Domaske frå Hannover i Tyskland, har skapt oppstuss i moteverda etter å laga klede av noko dei fleste finn i kjøleskapet. Ho har laga eit stoff ho kallar QMilch, som er sett saman av mjølkefiber frå økologisk mjølk.


- Det kjennest som silke, og det luktar ikkje, fortel ho til Reuters.
Motemerket hennar, Mademoiselle Chi Chi, skal vera ein favoritt for Mischa Barton og Ashlee Simpson. Så langt er kleda hennar laga med ein kombinasjon av mjølkefiber og andre fiber. Men ho har planar om å laga klede med berre mjølkefiber - kasein.

 

Kleda skal vera mogleg å vaska, og tekstilane skal vera så sterke at det er starta eit prosjekt for å bruka stoffet i bilsete, skriv framtida.no


Ikkje heilt nytt

Mjølkefiber blei først brukt til klede på 30-talet. I tider med avgrensa ressursar, blei mjølkefiber brukte som ei erstatning for andre måtar å laga tekstilar. Men tidlegare blei det brukt mykje meir vatn, tid og kjemikaliar for å framstilla desse tekstilane, ifølgje Ecouterre.com.

 

Les heile saka på Framtida.no og sjå presentasjonen på You Tube

 

Annonsører

Samarbeidspartnere