Ledig stilling som rektor på Sogn Jord- og Hagebruksskule

08.07.2015
Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland treng ny rektor. Det er kort frist for å søkje stillinga.

I utlysinga frå Sogn & Fjordane fylkeskommune står følgjande:

"Til å leie og vidareutvikle skulen ønskjer vi ein rektor som er samarbeidsvillig og resultat-orientert. Rektor må evne å gjere skulen til eit viktig kompetansesenter både for den einskilde unge og vaksne og for organisasjonar, næringsliv og kommunar. Rektor for Sogn Jord- og Hagebruksskule bør ha kunnskapar og engasjement for økologisk landbruk og næringsutvikling i landbruket.

Rektor skal skape eit godt og inkluderande arbeids- og læringsmiljø for elevar og tilsette, bygd på tillit og respekt for kvarandre".

Meir info på nettsidene til Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH).

Annonsører

Samarbeidspartnere