Lokalmat på mange fat

07.11.2011
Fredag 4. november inviterte Oikos - Økologisk Norge og Slow Food til seminaret "Hvordan lykkes som lokalmatprodusent". Det var det første av sitt slag, og blir ikkje det siste!

Å gjera kvarandre gode


Fredagens seminar "Hvordan lykkes som lokaltmatprodusent?" var det første av sitt slag, og kjem nok ikkje til å bli det siste. Opp mot 60 deltakarar, der i blant lokalmatprodusentar, kafè - og restauranteigarar, grossistar, designarar og mange fleire var samla i Oslo fredag 4.november. Med kunnskap og smak på menyen var folk samla for å lære, for å møte kvarandre, og ikkje minst for å gjera kvarandre gode!

 

 

Sjå den flotte filmen frå seminaret laga av Slow Food som oppsummerar godt innhaldet!

 

 

Mykje spanande mat frå lokalmatprodusentar sto på menyen, blant anna pultostduppe frå Vesterhaugen gardsysteri. Me kan takka fantastiske kokkar frå Slow Food for det!

 

 

 

Les om lokalmatseminaret og sjå flotte bilete på Kulturverk!

 

Korleis å lykkast?

Det finst ingen enkle svar på korleis ein lokalmatprodusent skal lykkast i den norske marknaden, men me kan håpe at dei som deltok er litt klokare på design, sal, marknadsføring, synlegheit og ulike støtteordningar. Innlegg frå Hans Arild Grøndahl om lykkelige kuer og lykkelige kunder, og Egil Smith-Meyer som fortalde om suksessen til Tingvollost, gav konkrete og nyttige tips til korleis å kome seg opp og fram.

 

Presentasjoner fra seminaret


Trenger et godt produkt god design v/ Jan-Otto Jacobsen

Veien inn i Bondens Marked v/ Siv Heia Uldal

Globale, salgsfremmende løsninger v/Odd Bjørner Bakken

Minst 10 gode sosiale medier tips til matfolket! v/ Bente Kalsnes

Økonomisk støtte for småskalaprodusenter v/ Ingeborg Knevelsrud

Støtte til produktutvikling v/ Berit Foss Hille

Grøndalen Gård v/ Hans Arild Grøndahl

Tingvollost  v/ Egil Smith-Meyer

 

 

 

 

 

Sjå programmet for seminaret her.

Les om lokalmatseminaret i Nationen.

 

Er du interessert i at eit liknande seminar kjem til dine trakter? Ta kontakt med Helene K. Austvoll, helene@oikos.no.


 

 

 

 

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere