Majestetisk middag i Kongens åker

28.09.2012
Det er slutten av september. Blada i toppen av trea har tatt på seg haustdrakten og sola ligg lågare på himmelen. Det er litt kaldt no. Kaldt nok til at både ullsokkar og ullundertøy har blitt henta fram frå innerst i skapet. Særskilt for denne kvelden. For denne kvelden skulle bli spesiell.

Grensesprenging i åkaren 

Først tenkte eg at det må jo vera galskap å arrangere ein middag midt ute i ein åkar i slutten av september, på ein stad kor frosten har sneke seg ut dei siste nettene. Me skulle til Bygdøy, like ved Kongsgården på ein nydeleg liten plass som heiter Hengsenga. Det var då eg kom gåande nedover og såg ei nydelig kløvereng, blader med trekroner av gull, og eit einsamt drivhus midt ute på eit ope jorde, at eg forsto at dette handlar ikkje om galskap. Kan hende handlar det om grensesprenging, med ein heil kveld med berre økologisk, biodynamisk eller viltfanga mat. Også ute i Kongen sin åker! Mest handlar det om ei djup forståing av det som betyr noko - gode menneske og ærleg mat.

 

Food studio – ein møteplass mellom menneske og mat

Food studio, ein møteplass for menneske som delar ei felles interesse for ærleg mat, sto bak dette noko uvanlege arrangementet. «Food Studio is about sharing stories of people that believe in good and honest food”, skriv dei på sine nettsider, saman med invitasjonen til denne åkermiddagen “A new culinary adventure, a new approach to fine dining with local ingredients”. Ein ny tilnærming var det, utan tvil.

 

Sylting a la Hengsenga

På Hengsenga ligg to eldgamle og verneverdige hus, omringa av blomstrande hagar med alt du kan tenkje deg av grønsaker og bær. Me fekk omvisning i hagane og lærte om den biodynamiske måten å dyrke og tenkje på. Me fekk smake på tomatar som gav nærast ein smakseksplosjon på tunga. Bondebønner og graskarblomar fekk me også smake, og plukke med oss urter me kunne ha i syltinga. Ja, for litt arbeid måtte me gjere før middag. Dei hadde juksa litt og kokt raudbeter på førehand, og me kunne fylle våre sylteglas med raudbeter og krydder som kardemomme, nellik, dillblom, anis og mange fleire.

 

Reise i smakens rike

Då mørket gradvis breidda seg over Hengsenga og magen tok til å rumle, vart me alle utstyrt med lusekufter og vandra nedover mot jordet. Forbi lykter og stearinlys som leda veg fram til drivhuset. Og der vart me sitjande, i fem timar, på varme saueskinn, med den eine nydelige retten etter den andre servert saman med tilsvarande smakfull og veltilpassa vin. Det var som å vere på reise. Ei reise i smakens rike. Med rabarbrasaft laga same morgonen, steikte rosenkål som vart hausta berre eit par timar før, traktkantarellar frå skogen som smelta på tunga, eigenfiska kolje og lysing, gås frå Holte gård og så uendelig mykje meir.

 

Om urban dyrking og moglegheiter

Det var også ei reise i moglegheitas rike. For det går an å dyrke grønsaker i byen og velje sjølve kva farge og form du vil ha på raudbetene. Og det går an å nyte eit majestetisk gourmetmåltid under nattehimmelen midt ute på ein åkar. For kvifor skulle det ikkje gå?
 

Åkermiddagen står igjen som eit minne fullt av nydelige smaker og opplevingar, og som eit symbol på nett det Food studio står for – gode historier, flotte menneske og ærleg mat.

 

Les meir om Food Studio og sjå kva dei har å by på. Bilete frå åkermiddagen leggjast ut snart.

 

Annonsører

Samarbeidspartnere