Mat – meir enn tilsettingsstoff

21.03.2011
Tilsettingsstoff er ikkje helsefarleg i seg sjølve, og bruken av det er like naturleg som det å koke og steike mat. Dette var noko bodskapen som kom fram på Teknologisk Matforum sin TeMa-dag torsdag 17.mars med tittel “Tilsetningsstoffer i fokus”. Helene K. Austvoll deltok frå Oikos- Økologisk Norge. Det var eit seminar hovudsakelig for matindustrien, noko som gjenspegla seg både i innleiar- og deltakarlista, og i bodskapen.

Unyansert framstilling av tilsettingsstoff

Tilsettingsstoff var i fokus på TeMa-dagen til Teknologisk matforum. Det var eit ope seminar, men det var aktørar frå matindustrien, deriblant TINE, Nortura, Mills, Nidar, Nestlè, Norgesgruppen, ICA Norge og mange fleire, som dominerte både på deltakar- og innleiarlista. Det syntes å vere stor semje om at tilsettingsstoff i maten ikkje er helsefarleg, og at denne bodskapen må formidlast ut til bekymra forbrukarar. -TeMa-dagen gav ei einsidig og unyansert framstilling av bruken av tilsettingsstoff i mat og av mat i seg sjølve, og matindustrien ser ikkje ut til å tenkje heilskapleg. Dette seiar Helene K. Austvoll frå Oikos - Økologisk Norge, som sjølv deltok på seminaret.


Industrien ikkje heilskapen

Austvoll får støtte frå Oikos sin ernæringsfysiolog, Kari Tande Hansen. - Det ein gløymer å sjå på er effekten av å få i seg mange ulike produkt som inneheld kunstige tilsettingsstoff. Ho nemner det omdiskuterte søtningsstoffet Aspartam, som tilsettast i mellom anna lettbrus- og saft, smågodt og lett-yoghurt. - Sjølv om du ikkje drikk 4 liter lettbrus i løpet av ein dag, som i høve til Nasjonalt Folkehelseinstitutt er det høgste inntaket av lettbrus ein kan ha utan å overstige grensa for anbefalt dagleg inntak (ADI) av Aspartam, har du kanskje åte lett-yoghurt til frukost, tatt deg nokre sukkerfrie drops på veg til jobb eller skule, drikk brus på jobb og når du kjem heim, i tillegg til å ha åte andre bearbeida matvarer i løpet av dagen.

 

- Eg trur dei færreste forbrukarane tenkjer over at dei inntek fleire produkt med til dømes aspartam dagleg, og at det totale inntaket av aspartam derfor kan bli for høgt. I tillegg trur eg det er svært få som faktisk veit kva ADI-anbefalingar som føreligg for kvart enkelt stoff, seiar Hansen. Eit anna aspekt er den såkalla Coctail-effekten. Kva som skjer i kroppen vår når me får i oss mange ulike kunstige tilsettingsstoff er det, så vidt Hansen veit, liten forsking på.

 

Kva er mat?

Eit spørsmål som vart gjenteke under temadagen var "Kva er eigentleg naturleg?" - Det er ein spanande filosofisk diskusjon som ein kan diskutere ut i det uendelige, seier Austvoll. Men eit spørsmål eg gjerne kunne tenkt meg svar på frå dei oppmøtte er "Kva er eigentleg mat?", fortsett ho. Ho spør:

 

Er ein pizzadeig, som når du lager den heime på benken inneheld mjøl, vatn, olje og litt gjær, framleis mat når den inneheld "hvetemel, vann, hevemiddel (natriumdifosfat E 450, natriumbikabonat E 500), palmefett, salt, olivenolje, etylalkohol, laktose, skummetmelkpulver, stabilisator (guarkjernemel E 412), emulgator (mono- og diacetylvinsyreestere av mono- og diglyserider av fettsyrer E 472e, lecitin E 322), gjær, surhetsregulerende middel (kalsiumfosfat E 341), hvetestivelse"?


Og kva skjer med forholdet vårt til råvarer, til dømes tomat, når me et tomatsupper på pose med smakstilsetting, fortsett ho. Smakstilsetting er naudsynt når råvarene gjennom ein industriell bearbeiding har mista sin opphavlege smak. Oikos- Økologisk Norge er ikkje i mot at ein skal kunne ta med seg tørrmat på tur, men det finst økologiske alternativ kor ein unngår smakstilsetting og andre kunstige tilsettingsstoff, og ikkje minst skjønar kva som står i innhaldsforteikninga.

 

Mat er mangfald

Helse sto i fokus under TeMa-dagen, og helse er viktig. Men ein får ikkje god helse av næringsstoff i seg sjølve, meiner Austvoll. Eit fokus på forholdet oss menneske har til mat er vel så viktig. Mat er kultur, identitet, sosialt samhald og oppleving. Mat skapar relasjon til naturen og mat skapar glede. Når det me et er ei samansetting av kvit pulver, som er den forma tilsettingsstoff kjem i, i staden for å vere ein kombinasjon av ekte råvarer, mistar me ikkje berre heilskapen som er beskrive ovanfor, men også ei kjensle av nærleik til maten - korleis han er produsert og kor han kjem frå, avsluttar Austvoll.

 

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere