Meir giftrester lovleg i vanleg mat

17.02.2011
EU har auka grensene for kor mykje restar av sprøytegift som får vere i maten din. Noreg følgjer EU. Men ingen har vurdert korleis miksen av stoff verkar på menneske, og norske helsestyresmakter har ikkje vurdert verknadane på lang sikt. Mattilsynet kunne heller ikkje gje ei oversikt over alle endringane. Oikos sitt medlemssblad Ren Mat gjev deg oversikta som styresmaktene ikkje vil gje deg.

Bilete: Shutterstock

 

I det stille har norske styresmakter godteke å heve grensene for kor mykje maten kan innehalde av ei lang rekke giftstoffer. Aukene er ei følge av at dei som sel gifta ønskjer å få stoffa godkjende til bruk på fleire område og at ein må unngå handelshindringar. Ingen ser ut til å ha innvendingar mot dei heva grensene.


Ja til meir cocktaileffekt

Mattilsynet stolar på EU sitt trygg mat-byrå, EFSA, som meiner at grenseverdiane er "trygge for forbrukerne både på kort og lang sikt". Men EU og norske styresmakter vurderer berre kvart enkelt stoff for seg. Enno veit vi for lite om kva for uheldige effekter stoffa har når dei får virke saman. Og å virke saman, det får dei!

 

Tala ingen ville gje deg

Oikos sitt medlemsblad Ren Mat har spurt og gravd, lest gjennom tunge dokument og spurt ansvarlege fagfolk, men ingen kunne gje ei oversikt over kva endringane inneber. Det var inga anna råd enn å ta saka i eigne hender, og no kan du få tala som styresmaktene ikkje vil gje deg!

 

 

 

For heile saka slik den sto på trykk i Ren Mat nr 1-2011 sjå her (pdf).

 

 

Giftig innhaldsliste

Viss du les innhaldet på ulike sprøytemidler, er følgande åtvaringar vanlege å sjå:

  • Mulig fare for kreft.
  • Mulig fare for fosterskade.
  • Kan skade barn som får morsmelk.
  • Giftig for vannlevende organismer.
  • Kan forårsake grunnvannsforurensning.
  • Giftig for fugl.
  • Giftig for meitemark.
  • Meget giftig for bier og andre insekter.

 

Restar av sprøytemiddel blir igjen i maten, og Ren Mat har funne hevingar i grensene på 40 ulike stoffer og opptil femhundredobling av tidligare grenseverdiar.

 

 

Sjå den komplette oversikta over sprøytemidla her (pdf).

 

Annonsører

Samarbeidspartnere