Mindre klimagassutslepp med økologisk produksjon

18.11.2011
Klimagassutslepp frå økologisk produksjon er i gjennomsnitt lågare enn i konvensjonell produksjon visar ein ny norsk forskingsrapport. Dette gjeld utslepp både per eining produsert og for ein total produsert mengde. Noko av årsaka er at det i økologisk ikkje brukast innsatsfaktorar som kunstgjødsel, samt høgare produksjon av eige kraftfôr. - Ein heilkjedeanalyse som her er utført er essensielt for å forstå dei reelle klimagassutsleppa av matproduksjon, seier fagkonsulent i Oikos - Økologisk Norge, Helene Austvoll.

Bildet: Storferasen Aberdeen Angus, til "grass fed beef". 

Mat er meir en bonden og kua

Landbruket, altså primærproduksjonen som føregår på gardsbruka, er naturleg nok essensielt for å få mat på bordet, men mat handlar om meir enn det. Det er ei lang verdikjede som ligg bak glaset med mjølka du drikk til frukost. Den verdikjeda reknast sjeldan med i forsking og analysar av klimagassutslepp frå landbruket.

 

Det har Karen Refsgaard saman med Helge Berglann og Håvard Bergsdal gjort noko med i forskingsprosjektet "Samfunns - og miljømessige evalueringar av økologisk jordbruk", med Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) som prosjektleiar. 

 

I høve til forskar Karen Refsgaard, vil det å velje økologisk produsert mjølk, oksekjøtt og brød bidra til å redusere klimagassutslepp.

 

Med utgangspunkt i basisvarene lettmjølk, kneipp, kjøttdeig frå storfe og potet, har dei gjort heilkjedeanalysar kor dei har sett på nettopp den lange verdikjeda fram til frukostbordet, inkludert framstilling av innsatsvarer, som for eksempel kunstgjødsel samt foredling, distribusjon og sal.

 

Lågare klimagassutslepp i økologisk

 

Landbruket i Noreg, viss ein berre reknar med produksjonen på garden, bidreg til 9 % av klimagassutsleppa (Statistisk sentralbyrå). Det som ikkje reknast med i dette talet er produksjon av kunstgjødsel, og karbontap frå åker, jord og myr. Viss dette reknast med aukar det til 15 % (Trømborg et al. 2007)

 

Studien frå NILF  har samanlikna matvarene lettmjølk, kjøttdeig frå storfe, kneipp og poteter, som utgjer 50 % av vårt matvareforbruk målt i kilo, frå konvensjonell og økologisk produksjon.

 

I gjennomsnitt er tala 30-70 % høgare klimagassutslepp for konvensjonelle enn for økologiske produkt.

 

 

Mindre importert fôr til økologisk


Den totale arealbruken er større i økologiske produksjonssystem i Noreg, men klimagassutslepp er lågare enn frå konvensjonelt, både per eining produsert og for ein total produsert mengde.

 

Ser ein på bruken av areal også i andre land blir bilete også meir komplekst. Til mjølk trengs til omkring 1 500 000 daa importert fôr i konvensjonell produksjon, mens i økologisk trengs det omkring 400 000 daa. For kjøtt er det omkring 600 000 daa importert fôr i konvensjonelt samanlikna med 140 000 daa for økologisk produsert kjøtt.

 

I økologisk produksjon er det krav om at 50 % av fôret til husdyra skal produserast på garden eller på nabogarder med økologisk produksjon, og i tillegg er skal minst 60 % av fôret vera grovfôr.

 

Kretslaup på garden, som er eit av hovudprinsippa i økologisk landbruk, samt god utnytting av grovfôr bidreg positivt i eit klimarekneskap, seier Austvoll.

 

Potensial for utsleppsreduksjon

 

Noko av det viktigaste me kan gjere for å redusere klimagassutslepp er å redusere bruken av animalske matvarer, altså kjøtt og meieriprodukt.

 

Det meiner fagkonsulent Helene Austvoll. Animalske matvarer som mjølk med over dobbelt så høye klimagassutslipp, og kjøtt med 15 ganger så høye klimagassutslipp som vegetabilske matvarer, i høve til NILF-studien. Mykje av det skuldast energien som går tapt når gras og protein omsetjast i vommen på kua.

 

Me må også slutte å kaste mat, seier ho. Det kastast omkring 30 % av maten frå produksjon til forbruk, kor rundt halvparten kan etast i følgje NILF-studien.

 

- Matproduksjon er eit komplekst system å forske på, men denne heilskaplege og grundige analysen gjer det enklare for folk å ta klimavennlige val både i butikk og heime på kjøkkenet, avsluttar Austvoll.

 

 

NILFs rapport om klimaeffekter ved økologisk og konvensjonell landbruk finner du her

 

Les meir om økologisk landbruk og miljøeffekter.

Annonsører

Samarbeidspartnere