Monsanto vil ha patent på gris!

17.04.2009
Denne uken har mange tusen bønder og miljøvenner protestert i München mot at Monsanto har tatt patent på genmodifisert gris. - Det pågår en hard kamp verden over om styring og sikring av genressurser på planter, dyr og frø. Vi må ikke være naive i Norge og tro at denne kampen ikke gjelder vår mat. Dette kan også utgjør en trussel for vårt landbruk, sier Reidar Andestad i Oikos.

Bildet: Frilandsgrisen hos Grøstad Gris lever i hytter på jordet og er ikke genspleisa.

 

Nyhetsbrevet Gennytt gir følgjande informasjon:

 

Tyskland: Patent på "stakkars kreatur" skapar storm



Tusenvis av bønder og andre miljøforkjemparar demonstrerte i München denne
veka mot patentering av plantar og dyr. Bakgrunnen var at Monsanto har teke
patent på ein genmodifisert gris. Ei rekke organisasjonar, mellom anna The
No Patents on Life, fryktar at slike patent m.a. vil føre til at bønder i
utviklingsland mistar retten til eigne frø, og ytterlegare forverre den
globale matvarekrisa.



http://www.no-patents-on-seeds.org/index.php?option=com_content
<http://www.no-patents-on-seeds.org/index.php?option=com_content&task=blogca
tegory&id=3&Itemid=28&lang=de> &task=blogcategory&id=3&Itemid=28&lang=de





Makt over matproduksjonen

Patent på plantar og dyr kan gje selskap som Monsanto enorm makt over
matproduksjonen i verda, ikkje minst i utviklingsland. Seniorforskar og
jurist Morten Walløe Tvedt ved Fridtjof Nansens Institutt seier til Gennytt
at dersom ei avling vert iblanda patentert såkorn, kan dyrkinga i seg sjølv
innebere ei krenking av patentet, sjølv om bonden ikkje veit om iblandinga.
Ein veit no at GMO-ar spreier seg raskt og ureinar konvensjonelle åkrar i
stort omfang.

 

Alminnelige avlsmetoder vert prøvd patentert



- Det problematiske med patent innafor husdyravl er at nokre av avlsmetodane
som vert prøvd patentert er heilt alminnelege avlsmetodar, fortel han.



- Eit urovekkande faktum er at Monsanto ikkje driv stor
husdyravlsproduksjon, slik at dei mange patentsøknadene selskapet har levert
inn kan tyde på at dei prøver å skaffe seg marknadsmakt innafor
husdyrsektoren berre ved hjelp av rettslege mekanismar - utan nokon ambisjon
om å skape innovasjon innafor denne sektoren, seier Tvedt.


EPO ja til grisepatent

16. juli 2008 sa EPO ja til patent på gris. Monsanto var den opphavlege
patentsøkaren, men patentrettane er no seld til eit anna amerikansk selskap,
Newsham Choise Genetics. Programkoordinator i Utviklingsfondet, Teshome
Hunduma Mulesa, seier til Gennytt at

Klagesak til den europeiske patentkonvensjonen

Greenpeace i Tyskland saman med ei rekke andre støttespelarar, vil klage inn
avgjerda fordi dei meiner at patentet strid mot den europeiske
patentkonvensjonen som seier at vesentlege biologiske prosessar for
framstilling av plantar og dyr ikkje skal kunne patenterast.

 

----------------------

Bildet er fra Monsanto felt (Monsantobilde)

Inga avlingsauke med GMO

 

Genmodifiserte plantar gjev svært liten avlingsauke, er konklusjonen i ein
rapport frå Union of Cencerned Scientists, ei uavhengig forskargruppe knytt
til Massachusetts Institute of Technology. Gjennom fleire år har industrien
ropt ut at dei vil fø verda, og lova at GMO-ar vil gje større avlingar. Men
etter tjue år med forsking har amerikanske bønder knapt opplevd nokon
avlingsauke.



For ein soya- og ein maissort, begge resistente mot ugrasmiddel, er det
ikkje registrert avlingsauke i det heile. For den insektgiftproduserande
maissorten MON810, som er forbode i stadig fleire europeiske land, er det
registrert ein "marginal" avlingsauke i normalår. I år med mykje skadeinsekt
har den genmodifiserte maisen gjeve ein avlingsauke på mellom 7 og 12
prosent.

http://www.ucsusa.org/food_and_agriculture/science_and_impacts/science/failu
re-to-yield.html

--------------------------

Bildet er fra landbruk i Brasil

Gennytts rapport frå Argentina:

Argentina: Helsefarleg landsbyliv



Den argentinske landsbygda er vorte ei "helsekatastrofe" og er meir ureina
enn byane på grunn av sprøytemiddel, i følgje den lokale
miljøvernorganisasjonen the Rural Reflection Group (GRR). Den har sia 2006
kartlagt effekten av sprøyting med glyfosat (Roundup) frå fly, som vert
nytta på genmodifisert soya. Kreft blant unge, fødselsdefektar og lupus er
blant sjukdomane som aukar, i følgje tal frå m.a. distriktslegar.

http://www.ipsnews.net/news.asp?idnews=45974

Argentina: Mistanke om fødselsskadar

Ei vitskapleg gransking som vart offentleggjort sist måndag stadfestar
dette. Ugrasmiddel som vert nytta i store mengder på genmodifisert soya kan
vere årsaka til auka fosterskadar, seier embryolog og professor Andres
Carrasco
http://www.laht.com/article.asp?ArticleId=331718
<http://www.laht.com/article.asp?ArticleId=331718&CategoryId=14093>
&CategoryId=14093

 


Mer informasjon


Sakene over og ei rekke andre saker innen GMO-området finner du i siste nummer av Gennytt.



Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

Tips oss på http://mail.oikos.no/squirrelmail/src/compose.php?send_to=gennytt%40oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut
to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve
av magasinet Ren Mat.

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til http://mail.oikos.no/squirrelmail/src/compose.php?send_to=gennytt%40oikos.no

 

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere