Nei til utanlandsk GMO, men ja til amerikansk i USA?

04.02.2009
Dobbeltmoral i toppklasse ser ut til finne stad i USA i følgje siste nummer av Gennytt som vert utgitt av Ren Mat. USA planlegg ei lov som skal hindre utanlandsk GMO-mat frå å kome inn i landet – dersom den ” kan truge landbruk, miljø eller folkehelse”.

Illustrasjonsbilde frå landbruk i Brasil.

Reidar Andestad i New York 08

Reidar Andestad i New York

 

 - Oikos er bekymra for den auka bruken av Genmanipulerte organismer (GMO) som vi finn i flere og fleire land.  Det er interessant om denne bekymringa nå også blir gjort gjeldande i USA som har vore den store påpressaren for omsetning av slike produkt. "Føre var prinsippet" burde sikre at ein sa nei til GMO før det gjer ubotleg skade på miljø, helse og genressurser, seier Reidar Andestad, dagleg leiar i Oikos.  Det er ofte dei store bioteknologi selskapa som Monsanto som er pådrivarar for GMO-produkter knytt til deira sal av kjemiske sprøytemiddel. 

 

Link som Gennytt oppgir til artikkelen:


http://www.newscientist.com/article/mg20126923.300-us-prepares-to-block-influx-of-gm-food.html

New York



Her er to av dei andre oppslaga i siste Gennytt:


USA: GMO-positiv minister
Dei aller fleste amerikanske miljøvernarane er skuffa over valet til Obama av Tom Vilsack som landbruksminister. Vilsack gått inn for genmodifisert mat. Økomiljøet meiner likevel Vilsack har synt seg å vere ein progressiv fyr som det er mogleg å kome i dialog med.
http://www.gronnhverdag.no/artikkel.php?id=3993

 


 

Auka risiko med kombinerte GMOar

Dei fleste nye genmodifiserte organismar er kombinerte GMOar, som er tilført fleire ulike eigenskapar. I USA er ein GMO med åtte tilførte eigenskapar no på veg ut på marknaden.

 

 

Desse byr på ei rekke nye utfordringar i høve risiko, regelverk og påvisning/merking. Forskarar frå Belgia, Frankrike og Noreg har sett på desse utfordringane i ein artikkel som nyleg vart publisert i tidsskriftet Environmental Biosafety Research.


Risikovurderinga må til dømes ta omsyn både til dei enkelte eigenskapane og til moglege utilsikta effektar av å kombinere eigenskapar.
http://www.vetinst.no/nor/Nyheter/Kombinerte-GMOer-gir-nye-utfordringer

 

Du kan finne Gennytt her www.oikos.no/renmat eller du kan abonnere direkte på nyhetsbrevet - gennytt@oikos.no.

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere