NM-gull til Øko-ost

14.09.2015
Det har vore Norgesmeisterskap i lokalforedla mjølkeprodukt i helga. Fleire økologiske produkt fekk medaljar.

Utdelinga av gull, sølv og bronse i NM i lokalforedla mjølkeprodukt føregjekk på Matstreif i Oslo i helga.
Blant vinnarane var Ruth og Jørn Martinsen frå Tjamsland gård på Sørlandet, som fekk gull for sin modna kremost "Rosalita".

Førre veke hadde me ein artikkel om Ruth og Jørn i vår serie om Økoheltar!

Tjamsland gård, Martinsen, ysteriet, ferskost, ysting

Ein annan vinnar var Lofoten Gårdsysteri ved Marielle og Hugo de Roos som fekk gull for sin kvite geitost, medan Aalan gård ved Tove og Knut Åland fekk sølv for sin geitgomme og bronse for brun geitost og Lofotosten.

Oikos - Økologisk Norge gratulerar alle prisvinnarane!

Les meir i Bondebladet

Les meir om kåring hjå Norsk Gardsost, med liste over alle utmerkingar i gull, sølv og bronse.



Tekst: Maiken Pollestad Sele
Foto: Ingressfoto -Norsk Gardsost, Foto av Ruth Martinsen i ysteriet - Marit Wright/Oikos

Annonsører

Samarbeidspartnere