Nøkkelen er god grovfôrkvalitet!

27.10.2009
-Arbeidet går ut på å få mest mogleg mjølk per dekar. Nøkkelen er god grovfôrkvalitet, seier Knut Haga. Saman med Eva Kaldahl driv han økologisk mjølkeproduksjon i Overhalla. Bønder fra Møre og Romsdal har vert på besøk for å få del i erfaringane, rapporter Liv Solemdal i Bioforsk Økologisk til Møre og Romsdal fylke si heimeside.

Møringar på tur 

Dei som høyrde på var 25 gardbrukarar og rådgjevarar frå heile Møre og Romsdal. Desse deltok på studietur til Nord-Trøndelag helga 16. til 18. oktober. I alt fem gardsbruk fekk besøk av møringane, og gardbrukarane fortalde engasjerte om motivasjonen sin for å leggje om til økologisk, om driftsopplegg og resultat.

 

Mange set pris på økologiske gulrot på grunn av smaken

 

Nøkkelen til gode avlingar

På Grandaune hos Eva og Knut er det gode grasavlingar og høg avdrått. Dei fylgjer nøye med på kvart einskild skifte og lagar eigne tilpassa såfrøblandingar. Knut vektlegg at ein må slå graset ofte for å få best kvalitet. Han meiner at det generelt er for mykje sortar tilpassa fjellbygdene i dei ferdige økologiske engfrøblandingane, men at desse veks for seint. Ved å bruke meir sørlege sortar, veks graset raskare og det blir meir fôr, var erfaringa han hadde. Artar som raigras og hundegras gir høg og god avling ved tidleg slått, og passar godt i dette opplegget saman med timotei og kløver.

 

Satsar økologisk framover

Felles for alle dei fem bruka var at dei verkeleg satsa på at gardsdrifta skulle gje brukbar inntekt framover. Fleire hadde fornya driftsbygningane, kjøpt opp mjølkekvote, grøfta, dyrka og tilpassa driftsapparatet til moderne krav. Høge investeringar gjer det sjølvsagt ekstra viktig at den økologiske drifta er vellukka.

 

Det er lov å vere økonomisk motivert

-Eg er overraska over at dei er så opne på at omlegginga er økonomisk motivert, oppsummerte bussjåfør på turen og gardbrukar frå Tingvoll, Kåre Olav Kindsbekken. -Ein kan elles få inntrykk av at ein må vere ekstremt ideologisk og dessutan uvanleg dyktig agronom for å drive økologisk. Her ser ein at det og er meir vanlege gardbrukarar som rett og slett meiner at den økologiske drifta kan gje noko betre økonomi. Det var interessant for meg.

 

Arrangørar for turen var prosjekt "Økoløft i Gjemnes, Tingvoll og Vestnes", TINE og Landbruk Nordvest.

 

Les heile saka på Møre og Romsdal fylke si heimeside

Annonsører

Samarbeidspartnere