Norske forskarar åtvarer mot amerikansk GMO-laks

02.12.2010
Norske forskarar er sterkt kritiske til det amerikanske mattilsynet FDA (Food and Drug Administration), som handsamar søknaden om å tillate sal av genmodifisert laks på den amerikanske marknaden. Ein ny type laks kan verte det første genmodifiserte dyret som vert lovleg å selje som mat til menneske. FDA baserer avgjerda på om produktet gjev direkte biverknader og om laksen har målbare avvik frå anna laks.
- Vi er glade for at norske forskarar engasjerer seg mot GMO-laksen i USA, seier Reidar Andestad i Oikos - Økologisk Norge. Han ventar at også norske myndigheiter tek opp dette.

GMO laks i USA.  Bildet: Politicol

 

Det er ein veldig snever prosedyre som ikkje tek omsyn til dei viktigaste effektane av ei godkjenning av den genmanipulerte laksen, seier Frank Asche, professor i økonomi ved Universitetet i Stavanger (UiS). Han er ein av forfattarane av artikkelen «Genetically Modified Salmon and Full Impact Assessment» som  stod i det vitskaplege tidsskriftet Science 19. november. Her trekker forskarane fram fleire forhold FDA bør ta omsyn til når dei skal avgjere om den genmodifiserte laksen bør verte lovleg, skriv Gennytt.

- Vi ser no ei svært lettvint helse- og miljøvurdering av GMO-laks for konsum i USA. Vurderinga omfattar ikkje marknads- eller folkehelseeffektar på samfunnsnivå, men nøyer seg med å sjå på verknaden for ein enkelt forbrukar, seier ein annan av forfattarane, professor Atle Guttormsen ved Universitetet for miljø- og biovitenskap, UMB.
Føremålet med å modifisere laksen er at den skal vekse raskare. Det vil gje lågare produksjonskostnader, større produksjon og dermed billegare laks i butikkane.

Miljøproblema oppdrettsnæringa fører med seg allereie med utslepp, interaksjon med villaks og spreiing av parasittar vil bli forsterka.

- Genmodifiserte dyr gjev dessutan høgare risiko enn genmodifiserte planter fordi dei kan spreie seg fortare, seier Asche, som og er uroa over ukjende helseeffektar av genmodifisert mat.

Dersom laksen vert godkjent i USA, kan det få konsekvensar for matkonsumet i Noreg. Ei godkjenning av den genmodifiserte laksen vil bryte ei barriere, slik at det i åra framover kan bli lovleg med andre genmodifiserte dyreartar, også pattedyr, påpeikar Asche. Dersom produksjon av genmodifisert mat aukar, vil det bety høgare innhald av slike produkt i varer som Noreg importerer.

 

Se forskningsartikkel - kilde her

 

Nei til genmodifisert oppdrettslaks

Den norske oppdrettsnæringa seier eit klart nei til genmodifisert oppdrettslaks, sjølv om det kan hindre at rømt oppdrettslaks formeirar seg.

- Genmodifisert oppdrettslaks er uaktuelt. Forbrukarane vil ikkje ha det. Vi er heller ikkje interesserte av dette i dag, seier informasjonssjef Øyvind André Haram i Fiskeri og havbruksnæringens landsforening.

Hovudproblemet med rømt oppdrettsfisk oppstår når han forplantar seg med villfisken og forstyrrar arveeigenskapane til fisken som lever vilt i naturen. Det er teknisk mogleg  å bruke fisk som har tre gen-sett, og som ikkje er forplantingsdyktige.

Slike fiskar fører truleg heller ikkje til den uorden rømt oppdrettsfisk har ført med seg i lakseelvane, seier direktør i Fiskeridirektoratet Sverre Ola Roald. Men skal næringa ta i bruk denne typen fisk betyr det at dei opererer med fisk der gena er endra. Roald vil ikkje meine noko om dette er ei ønska utvikling, skriv Gennytt.

 

Se saken hos NRK Møre og Romsdal

Les bakgrunnsak om genmodifisert laks i USA her

Her kan du lese litt om debatten i USA hos Politicol News

Annonsører

Samarbeidspartnere