Nortura med dramatiske kutt for økoprodusentar

07.11.2009
Nortura greier berre å selje 20 % av økologisk storfekjøtt som økologisk, i følge Nationen. No melder konsernet om dramatise økokutt . Økotillegget skal reduserast frå 10 til 7 kroner og blir i tillegg berre betalt ut til dei som får leveringsavta. Volumet på leveringsavtalane skal halverast og tilpassast lågare salg.– Dette er for drastisk, seier fagsjef Jon Magne Holten i Oikos.

Jon Magne Holten som  er fagsjef i Oikos er skremt over kuttplaner fra Nortura. Foto Oikos.

 

Endring frå nyttår

Frå nyttår må alle som vil levere økologisk storfekjøtt til Nortura teikne nøyaktige leveringsavtalar, skriv Nationen.

 

- Den økologiske produksjonen har auka betydeleg meir enn det sluttmarknaden tek unna. Difor må me stramme inn, seier informasjonssjef Tor Olav Brandtzæg. Samvirkekonsernet har sett eit tak på kor mange som får inngå avtalar. Det gjer at samla inntak neste år blir halvert.

 

- Kor mykje skal Nortura spare på dette?

- Det er nokre millionar kroner. Eg har ikkje det eksakte talet, svarar informasjonssjefen.

 

Motlause produsentar

- Dette er for drastisk, seier fagsjef Jon Magne Holten i Oikos, fellesorganisasjonen for økologisk produksjon og forbruk til Nationen.

 

- Det er eit veldig dårleg signal å sende til dei som dei siste åra har følgd oppfordringane om å leggje om til økologisk drift.

 

Holten forstår at Nortura må gjere noko for å betre økonomien på økokjøttet, men han meiner det no blir gjort for mykje på ein gong.

 

 

Les heile oppslaget i Nationen   

Annonsører

Samarbeidspartnere