Nye økologiske hårpleieseriar på Apotek1

23.09.2009
Apotek1 har no kome med to nye seriar av økologiske hårpleieprodukt, begge sertifisert av ECOCERT. - At Apotek1 no kan tilby hårpleieprodukt til oss som er opptatt av naturen rundt oss og helsa vår, er positivt, seier Maiken Pollestad Sele, prosjektleiar og rådgjevar i Oikos.

Økologiske hårpleieprodukt

Apotek1 tilbyr to seriar med økologisk hårpleie; o.n.e og Naturigin. Begge seriane er sertifisert av ECOCERT. Dette er ei fransk sertifiseringsordning, som du ofte kan finne på produkt i Noreg.

o.n.e. inneheld ikkje fargestoff, silikonar, mineraloljar, konserveringsmidler eller kunstige tilsetningar. I serien finn du både sjampo, balsam, hårkus, spray og mousse.

Naturigin er laga utan bruk av silikonar og paraben. Flaskene er laga av resirkulert og resirkulerbart materiale.


F.o.m. 15.september t.o.m. 14.oktober har Apotek1 tilbod på desse varene, og du får heile 50 % avslag på begge seriane.


For meire informasjon om produkta, sjå http://www.apotek1.no/tilbud/tilbudsavisen.



For å lese meire om økologisk kosmetikk, klikk her.

Annonsører

Samarbeidspartnere