Oikos møter konsernleiinga i Tine

26.08.2010
Strategi, kultur og marknad er stikkorda når Oikos – Økologisk Norge fredag møter konsernleiinga i Tina BA. -Vi har bedt om dette møtet, fordi vi ser det som viktig at økomiljøet i Norge har ein god dialog med den største aktøren i økomarkedet i Norge, seier styreleiar og mjølkeprodusent Jakob Bjerkem.

Jakob Bjerkem er styreleiar i Oikos - Økologisk Norge.  Han ser fram til å drøfte stategi, kultur og marked med konsernleiinga i Tine.

Nytt økoprodukt

 Møtet vert gjennomført samtidig som Tine sel inn sin nye økologiske skulemjølk med bringebær til norske foreldre og elevar etter ei tid der konsernet tek imot vesentleg meir økologisk mjølk enn dei klarer å bruke i sine økologiske produkt.

 

Utfordringar både for produsentar, Tine og i marknaden

-Tine har frå 1.mars i år innført stopp i utbetaling av økologisk mjølketillegg til nye produsentar og Oikos er redd for at dette vil stoppe rekrutteringa av nye økologiske bønder.  Oikos har fleire gonger etterlyst ei betre markedsføring og oppfølging av økologiske produkter for å løfte markedet .  No får organisasjonen drøfte forslaga med konserndirektør Hanne Refsholt og gler seg til det, seier Jakob Bjerkem.

 

 

 Oikos - Økologisk Norge har fredag møte med konsernsjef i Tine, Hanne Refsholt.  Bilde: Tine.

Tine er viktig

I brevet til Tine om behov for møte med Hanne Refsholt  skriv Oikos ved Jakob Bjerkem blant anna:

 

"Vi i Oikos-Økologisk Norge ser på Tine som ein av dei viktigaste aktørane i Norge for vidare utbreiing av økologitanken, økologisk  jordbruk og økologisk forbruk.  Oikos er organisasjonen som organiserer både økologisk bønder og forbrukarar som tenker økologisk

 

Vi i Oikos kunne gjerne tenkt oss eit møte med deg og evt. fleire i toppleiinga av Tine for å diskutere meir grunnleggande ting som

 

-    Økologiske prinsipp, visjonar og målsettingar

-    Kultur i Tine for den økologiske tanken

-    Sviktande marknad for økologiske produkt.

 

 

Både eg som er leiar og nestleiar Geirmund Øglend er mjølkeproduserande økobønder og Tine-medlemmer.  ."

 

 

Desse vert med på møtet

Frå styret i Oikos møter styreleiar Jakob Bjerkem, nestleiar Geirmund Øglend og  styremedlem Karine Rød Haraldson. Frå administrasjonen  møter dagleg leiar Reidar Andestad, markedssjef Kristina Alnes og fagsjef landbruk Jon Magne Holten

 

 

Fra Tine BA møter konsernsjef Hanne Refsholt, konserndirektør marked Hege Holter Brekke og organisasjonssjef Odd Lilleby.

Annonsører

Samarbeidspartnere