Oikos på Månefestivalen!

23.07.2009
Oikos skal vere til stades på årets Månefestival i Gamlebyen i Fredrikstad 26-28.juli. Med støtte frå Rørosmeieriet vil Oikos og Månefestivalen selge økologisk smoothie og informere om økologisk mat og landbruk. Det vil også vere mogleg å sykle sin eigen økolgiske smoothie - det blir til gjennom ein miljøvenneleg form for visping!

Bildet: Økologisk smothies med og uten sykkel blir det på Månefestivalen i Gamlebyen i Fredrikstad

Økologisk torg i Gamlebyen

Eit eige økologisk torg vert bygd opp midt i byen, der fleire aktørar vil promotere sine produkt. Både økologiske klede, økologisk kosmetikk og mat vil bli presentert for publikum. Torget i Gamlebyen er gratis å kome inn på, men vil du ha med deg dei større konsertane, må du kjøpe billett.

Hovefestivalen 2008

Bildet:  Her et ein økologisk mat på Hove-festivalen.

 

Økologisk matutval

Festivalen vil ha eit variert mattilbod, med både burger, quesadillas og grillmat. Oikos har lenge samarbeidd med Månefestivalen, og før avvikling arrangerer ein eit minikurs for eit utval av dei frivillige på festivalen om økologisk landbruk og mat. - Eg ser veldig fram til gjennomføringa av sjølve festivalen. Dei har jobba hardt med å få til eit variert tilbod for publikum på det økologiske torget, og alt ligg til rette for at dette skal verte ein suksess, seier prosjektleiar i Oikos Idun Leinaas.

        
Bildet: Trukkmjølk fra Rørosmeieriet er god basis for smoothies. Her er også bildet av smør og rømme.

Rørosmeieriet

Alle produkta fra Rørosmeieret er økologiske. Her får du tjukkmjølk, rømme, skikkelig smør (!) og fleire andre produkter.

 

Her finner du oppskrift på tilslørte Rørospiker og anna informasjon om Rørosmeieriet.

 

Meir informasjon om Månefestivalen

For meire informasjon om festivalen, sjå http://www.maanefestivalen.no/

 

Informasjon om det økologiske torget finn du her: http://maanefestivalen.com/festivalliv/%C3%B8kologisk-torg/

 

Denne saka er laga av Idun Bjerkvik Leinaas Prosjektleiar Festival i Oikos

Har du synspunkt på festivalar og mat, så sender du e-post til henne på idun@oikos.no,

 

Det finns også ei eiga Facebookgruppe Oikos - som blant anna kommuniserer med dei som vil bidra på Oikos sine stand på festivalar i sommer.

Annonsører

Samarbeidspartnere