Oikos sykler smoothies på Norway Cup

03.08.2010
Frå søndag 1.august og fram til og med onsdag 4.august gir Oikos born og unge på Norway Cup moglegheita til å sykle sin eigen økologiske smoothie. Vårt slagord er enkelt: Bruk energi for å få energi! Og den økologiske smoothien smaker kjempegodt!

Økologisk innslag på Norway Cup

Den store fotballturneringa Norway Cup går i desse dagar av stabelen på Ekebergsletta i Oslo. Mange tusen born kjem til Oslo for å spele fotball og ha det gøy med både gamle og nye vener. For å halde dagen ut, er det viktig med god mat og drikke. Oikos har, med støtte frå Fylkesmannen i Oslo, Akershus og Østfold, samarbeidd med Norway Cup for at dei skal kunne tilby utøvarane økologisk mat og drikke. Så langt har ikkje dette ført til noko særleg økologisk fokus hjå arrangøren, men Oikos stiller opp og bidrar til ein viss økologisk prosent på sletta.

 

Bama er til stades med fleire utsalsboder på Norway Cup med merkevaren Bend it, og det er ikkje eit einaste økologisk produkt å oppdrive.


Enkel økologisk sommardrikk

Oikos har denne sommaren reist rundt med ein sykkel med påmontert blender. Både born og vaksne kan setje seg på sykkelen og trå sin eigen økologiske smoothie. Med tjukkmjølk frå Rørosmeieriet, Änglamark eplejuice og økologisk banan frå Coop viser vi at det er lett å lage ein økologisk sommardrikk!


Sunn økologisk mat på idrettsarrangement - ei mangelvare

- Mykje av maten som vert servert på idrettsarrangement her til lands ber preg av at ein vel enkle, velkjente løysingar når ein skal tilby mat og drikke. Dette resulterer ofte i vafler, brus og pølser. Vi vil hjelpe idrettsarrangørar til å finne nye måltidsløysingar på sine arrangement, seier Idun Leinaas, prosjektleiar i Oikos Økologisk Norge. Med støtte frå Fylkesmannen i Oslo, Akershus og Østfold, samt Statens Landbruksforvaltning, tilbyr no Oikos gratis vegleiing til alle idrettsarrangørar landet over.



For meire informasjon om prosjektet, kontakt prosjektmedarbeidar i Oikos: Marte von Krogh, marte@oikos.no





 


 

Annonsører

Samarbeidspartnere