Økoepler i farta

22.09.2009
I helga deltok Oikos ved Idun Leinaas på Norsk Eplefest i Gvarv. Under arrangementet vart Noregs beste eplemost kåra, og vinnaren vart ei blanding av dei nye norske epla Idunn og Nanna.

Økoepler i farta

I helga deltok Oikos ved Idun Leinaas på Norsk Eplefest 2009 i Gvarv.


Økologisk på Eplefest

Oikos hadde informasjonsstand på festivalen.

På Eplefesten i Gvarv var fleire fruktprodusentar samla, saman med andre lokale matprodusentar og tilbydarar av lokalt handverk. Saman med Økoløft Sauherad informerte Oikos om økologisk landbruk generelt og økologisk epleproduksjon spesielt.



Oikos på Norsk Eplefest09

Det vart også arrangert NM i eplemost


Vinnarmosten er laga på ei blanding av dei nye norsk eplesortane Idunn og Nanna.
Produsent er Sagaplant, den tidlegare eliteplantestasjonen i Sauherad.

 

Ingen av dei mostane som vann var økologiske, men det var økologiske mostar med,
og to i finalen.

 

Om vinnaren uttalar juryen:


"Dette er ein most med fin farge og frisk smak. Den har fin balanse mellom sødme og syre. Som å drikke eit eple." Vinnaren vart kåra etter ein omfattande blindtest i skarp konkurranse med eplemost frå heile landet.
På 2. og 3. plass kom Nordre Lindheim (Karine og Anders Høibø) med ein blandingsmost av Discovery og Carol, og ein blanding av Discovery og Katja. Alle tre er pressa av Epleblomsten.

Stadig fleire gardar får produsert sin eigen eplemost, basert på ulike eplesortar og blandingar, og med sine eigne historier. Med denne kåringa vil vi få fram mangfaldet og stoltheita for dei ulikeprodukta, seier leiaren for Norsk Eplefest, Joar Sættem.

Juryleiar var Arne Hjeltnes, som også fekk årets gulleple. Juryen elles besto av Elisabeth Rett frå Seljord Vin og Øystein Løvlie frå Godt Brød.

I tillegg til kåring av Noregs beste eplemost, vart det også arrangert grunnkurs i økologisk nytelse, eit matlagingskurs i regi av "Grønn Gourmet".

Meir informasjon

For meire informasjon om Eplefesten i Gvarv, sjå: http://eplefest.no/



Annonsører

Samarbeidspartnere