Økokorn frå Sunnmøre

17.02.2010
Det veks lite korn i vestavinden i Møre og Romsdal. Men i Volda driv Elias Moe Volda Elektriske Mylne. Han bruker gamle kvernsteinar og teknikkar i produksjonen av korn. Dette gir eit sereigna og godt resultat. Han har òg utvikla eit konsept med bruk av gamle kornsortar og kan levere dei fleste produkta som økologiske.

I ei rekke butikkar i Coop og Norgesgruppen finn du no økologisk korn frå Volda. I tillegg kan du kjøpe produkta i nettbutikken til Økomat Innherred BA.

I dette hyggelege utsalet i Volda kan du kjøpe både korn og brødprodukt. Alva bak disken. Foto:Volda Elektriske Mylne

Tre produksjonsliner

Etter at Eilias Moe overtok mylna i Volda i 2002 har han utvikla denne fram til han no også monterer ei tredje line for produksjon av glutenfritt mel. Han har Debio-godkjenning og kan male økologisk, ved sidan av den konvensjonelle produksjonen.

Mjølsikte og gamle kornsortar

Elias Moe har no montert mjølsikte slik at han kan levere sikta-mjøl også, og forsøker seg på dei forskjellige gamle kornsortane som emmer, svedjerug med fleire.


En rekke proodukt og mange økologiske frå Volda Elektriske Mylna. Foto:Volda Elektriske Mylne.

Salgsstadar

Produkta leveras i dag gjennom Coop og Norgesgruppen (Gjørtz) i Ålesund, samt ein god del til Bakaren i Lom. Fra Lom tek Moe brød i retur til utsalet sitt i Volda. I tillegg kjøpar Økomoat Innherred BA i Levanger produkta til abonnementskassane sine.

 

Vil ha meir bygg og havre

Mykje av råstoffet er økologisk, men ikkje alt. Han har problem med å skaffe økologisk bygg og havre, og ynskjer seg meir av det. Beste havrekvaliteten er for øvrig kalt "hestehavre".

Her kan du lese meir om Mylna i Volda
Dette bilde er nok fra før mølla vart elektrisk. Foto: Volda Elektriske Mylne

 

Denne saka er laga av Geir Ole Sætremyr, tilbakemelding på setremyr@oikos.no

Annonsører

Samarbeidspartnere