Økolam og andre lam - kva er skilnaden?

28.09.2009
I desse fårikåltider kan det være nyttig å sjå på likskapar og skilnader mellom økologiske og konvensjonelle lam.

Tidligere i år kjørte http://www.okologisk.no/ og KSL Matmerk en kampanje om 100% sau.  Bildet er hentet derifra. 

 

 

Disse flotte økosauene holder til i Skaun i Sør Trøndelag og de er spælsau.  Oikos bilde.

 

Likskap

Likskapen er at økologiske og konvensjonelle lam i stor grad har gått på utmarksbeite.

Skilnad

Skilnaden kjem i at det økologiske lammet før og etter beitesesongen har gått på
økologisk, usprøyta og ikkjekunstgjødsla innmarksbeite.

Så er det skilnad i at søya heile vinteren har ete økologisk fôr frå usprøyta og ikkje kunstgjødsla grasproduksjon. Lammet vert ikkje til i den augneblinken det reiser til fjells, må vite. Dette skriv Kristoffer Ullern Hansen, styremedlem Oikos Vest, i Klassekampen laurdag 26.september i innlegg mot Anne Viken, som tidlegare har uttrykt mykje skepsis mot økologisk landbruk.

 

Det er ein ekstraverdi i økologisk godkjenning

-Er ein produksjon godkjent økologisk, kan en vite at den er kontrollert årleg når det gjelder ikkjebruk av sprøytemiddel, kunstgjødsel og konvensjonelt kraftfôr. Dei økologiske sauane er òg sikra betre plass inne enn det som er kravet for konvensjonelle. For denne økologiske godkjenning - for denne tilleggskvaliteten som det er - får bonden noko betre betalt for det økologiske kjøttet og forbrukarane som kjøper det kan vite at krava er tilfredsstilt, seier Reidar Andestad i Oikos.

 

 

Sau og natur høyrer saman.  Oikos bilde.

 

Konvensjonelle som driv økologisk

Så vil det vere nokre konvensjonelle bønder som driv økologisk, utan sprøyting av areal og vekstar, utan kunstgjødsel, god inneplass til dyra og som kjøper inn økologisk kraftfôr. Slike bønder håper vi vil registrere seg i Debio og dei kan lett få godkjent produksjonen sin som økologisk. Men dei fleste konvensjonelle bøndene har ikkje nok plass i fjøset etter dei økologiske reglane eller dei brukar konvensjonelt kraftfôr, dermed kan dei ikkje få dyra godkjent som økologiske utan å gjere en del endringar.

 

Å legge om

Oikos håper langt fleire sauebønder vil verdsette denne skilnaden og verdien av å få dyra godkjent økologisk, slik at langt fleire vil legge om til økologisk drift framover, seier Reidar Andestad i Oikos.   Særleg vil vi utforda dei som seier dei nesten driv økologisk, i å søke Gratis Førsteråd hos Norsk Landbruksrådgivining og sjekke kravene til økologisk drift hos Debio, slik at dei kan gjere dei siste endringane og få økologisk godkjenning på plass.

 

Økosau-tips

Rådgivere fra Landbrukets Forsøksringer tilbyr å koma på eit gratis og uforpliktande besøk (GFR-sau) for å vurdere økologisk drift på din gard. Kva er utfordringa for å lykkast med økologisk drift og korleis vert økonomien etter ei omlegging - dette er viktige spørsmål som blir diskutert. Du vil også få svar på spørsmål om regelverk og tilskuddsordningar for økologisk sauehald.

 

Her er link til informasjon om Økosauprosjektet hos Norsk Landbruksrådgivining.

Annonsører

Samarbeidspartnere