Økologi ikkje eit tema for Bondelaget?

27.06.2010
Var det eit framtidsretta landsmøte Bondelaget gjennomført sist veke? Elller tok dei så mange omsyn til alle særinteressene i norsk landbruk at dei ikkje klarte å peike på nødvendige omstillingar på grunn av miljø, klima og ressurssituasjonen? Kva med kraftfôrbruken? Kva med kunstgjødsel når råstoffet snart er brukt opp? Kva meinar dei om økologisk eller økologisering av landbruket? Oikos - Økologisk Norge sin styreleiar, Jakob Bjekem, har på avstand analysert kva som skjedde på landsmøtet hjå Bondelaget og har gjort seg følgjande refleksjonar. Han har tidlegare hatt fleire tillitsverv i Bondelaget.

Styreleiaren i Oikos - Økologisk Norge, Jakob Bjerkem, har tatt pause i slåtten ved mjølkegarden i Steinkjer og reflekterer over kva som skjedde på landsmøtet i Bondelaget.   

 

Landsmøtet i Norges Bondelag er vel gjennomført med stor dekning av media og besøk av både statsminister og matminister.

 

I referata frå bondetinget er det mye å gle seg over.  Ein finn mellom anna krav om:

  • Inntekt og rammevilkår som for andre næringar - altså likestilling
  • Vidareføring av inntekts og velferdspolitikken
  • Varig vern av matjord
  • Betre vilkår for, og meir beiting i utmark
  • Nulltoleranse for GMO i mat og fôr
  • Sterkare satsing på fornybar energi
  • Meir resirkulering av resursane

Alt dette er ting som ein også finn igjen i uttaler og skriv frå Oikos- Økologisk Norge.

 

Men på web-sidene til Norges Bondelag etter årsmøtet er det også ting eg som både bondelagsmedlem og Oikos-leiar synes mangler.  Her er

 

  • Ingenting om økologisk landbruk
  • Ingenting om strukturrasjonaliseringa anna enn at landbruket må få behalde rasjonaliseringseffekten.
  • Ingen motforestillingar mot industrialiseringa av landbruket
  • Ingentng om vekstskifte mens ein tvert imot framhever mineralgjødsla som det viktigaste for avlingsauke
  • Ingenting om giftrester i mat og krav om redusert giftbruk i norsk landbruk

 

Det går fram at nestleiar Berit Hundåla hadde eit av hovedinnlegga før debatten om landbruksmeldinga.  Eit av hovedpunkta i hennar innlegg var at norsk landbruk må basere seg på  større andel av norske innsatsfaktorar.  Dette finn ein ikkje att i resolusjonane.  Dette må bety at bondelagsårsmøtet ikkje ønskjer å seie noko negativt om at vi i industrilanda utnytter billig arbeidskraft i u-land og at ein ikkje har motforestillingar mot at vi okkuperer om lag like mykje jord i u-land som vi har her heime.

 

Det er eit tankors at årsmøtet ikkje ønskjer å involvere seg meir i dei 20-25% av norsk landbruk som LMD snakker om:  småskala, kortreist og økologisk + inn på tunet/grønn omsorg.

 

Elles er det interessant å merke seg at når ein blar seg gjennom godord, skryt, hølighetsfraser og gode historiar frå statsministeren, så synes hovedbudskapet hans å være at bønder bør slutte å klage og lære seg å tilpasse seg utviklinga.  Dette harmonerer godt med det inntrykket ein har av mange av dagens politikarar:  Dei ser det ikkje som sin oppgave å ville noko, å prøve å styre ei utvikling.  Deira einaste mål synes å vera å sikre vekst i økonomien.  Dette hovedkravet må så alle tilpasse seg - både bonde og statsminter.  Det er eit tankekors at dette er omtrent det motsatte av det vi arbeider for i Oikos-økologisk Norge.  Vi ønsker eit meir økologisk landbruk og at den økologiske tanken skal gjennomsyre heile samfunnsutviklinga.

 

Jakob Bjerkem

Annonsører

Samarbeidspartnere