Økologisk heiderspris for Vestlandet 2011 til Bjørn Pedersen frå Homlagarden.

10.09.2011
Økopris Vestlandet gjekk i år til kalkunprodusent Bjørn Pedersen. Pedersen feirar i år 20-årsjubileum som landet sin einaste profesjonelle produsent av økologisk kalkun. Han har gjort ein heilt unik innsats for økologisk mat i Noreg og har vore pioner innan økologisk kalkunoppdrett, sa Reidar Andestad frå Oikos - Økologisk Norge under prisutdelinga. Hans nyskapande og eigenarta verksemda på Homlagarden i Kvam utløyste i 2009 Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris. I fjor vart han kåra til ”Årets leverandør av økologiske produkt” av sentrale aktørar i mat-Noreg.

Anna Milford, leiar i Oikos Vest, overrak den Vestlandske økoprisen til Bjørn Pederesen under Matfestivalen i Bergen

Prisvinnar Bjørn Pedersen frå Homlagarden i Hardanger.  Foto:  Oikos

 

- Det er no på tide at Pedersen og medarbeidarane hans blir heidra av sine eigne, seier Anna Milford i Oikos Vest. Organisasjonen samarbeider med dei lokale øko-avdelingane i Norsk landbruksrådgiving om prisutdelinga. - Bjørn Pedersen er ein veteran innan økomiljøet på Vestlandet, og har med stort pågangsmot arbeidd for å koma dit han er i dag. Gjennom dette har han òg spreidd idear og motivasjon til kollegaer og meiningsfeller ifleire tiår, seier Milford.

 

Økopris Vestlandet vart tradisjonen tru utdelt under Matfestivalen i Bergen, og består av eit diplom og ein sjekk på 5000 kr. Dagleg leiar i Oikos - Økologisk Norge, Reidar Andestad, sto for overrekkinga saman med Anna Milford fra Oikos Vest.

 

Her er link til Homlagarden si heimeside

Annonsører

Samarbeidspartnere