Økologisk hjarteburger lansert i Sykkylven

04.06.2010
Denne veka var det lansering av hjarteburgar i Velledalen, Sykkylven kommune. I hjarteburgaren blir det brukt lokalt, økologisk storfekjøt.

Hjarteburger. Foto:Ingrid van der Velde

 

I eit samarbeid med Velledalen i balanse, Tindemat, og Økoløftprosjekt 'Mat frå hjartet' får skuleborna eit varmt måltid ein gong i veka. Fram til no har det allereie vore servert mykje god mat med lokalt økologisk kjøt. Elevane storkoser seg rundt matborda, og gir uttrykk for at dette skulle dei gjerne hatt kvar dag. Etter skulelunsjen har også bygdefolket moglegheit til å kjøpe seg middag på grendehuset.  Ved lansering av hjarteburgaren tok nokre elevar med seg foreldrene sine til kaféen for å kjøpe seg hjarteburgar. Dei meinte at hjarteburgaren var så god, at også foreldrene måtte ha lov til å smake den, noko som førte til at hjarteburgaren vart heilt utsolgt. Tindematprodusent Petter Velle leverte raskt meir økologisk Tindeburger til kjøkkensjefen Marit Hole.

 

 

Hjarteburger servert med potetstappe og salat. Foto: Ingrid van der Velde

 

Økoløft 'Mat frå hjartet' har i eit samarbeid med kjendiskokk Per Lauritz Lien utvikla nye oppskrifter.  Oppskriftene inneheld lokalt, økologisk kjøtt frå Tindemat og hjarteburgaren er ein av desse oppskriftene.

Ein kan jo spørre kvifor det blei ein hjarteburgar, men det er ganske enkelt å forklare. Sykkylven kommune er hjartet av Sunnmøre og Tindemat produserer 'Mat frå hjartet' - derfor vart det hjarteburgar.

Sykkylven kommune, hjartet av Sunnmøre. Foto:Ingrid van der Velde

Annonsører

Samarbeidspartnere