Økologisk mjølk er sunnare!

31.01.2011
Det hevdar forskarar frå Newcastle University etter å ha analysert 22 ulike mjølkemerke på supermarknader i Storbritannia. Dei fann at økologisk mjølk hadde lågare nivå av uheldige metta feittstoff og meir av dei sunne feittsyrene .

- Desse funna er særs interessante, seier fagsjef Jon Magne Holten i Oikos.  Foto: Oikos

 

Kutte feittinntak med økologisk mjølk

 

Forskarar frå eit av Storbritannias forskingsintensive universitet, Newcastle University, har nyleg publisert resultat frå ei studie om økologisk mjølk som konkluderar med at økologisk mjølk inneheld fleire næringsrike feittsyrer enn konvensjonelt produsert mjølk. Hovudårsaka er at økologiske kyr beiter meir ute på kløverrikt grasbeite og generelt èt meir grovfór enn konvensjonelle kyr. Gillian Butler, leiaren av studiet, hevdar i ei pressemelding at ein kan kutte metta feittinntak med 30-50 % og samstundes få i seg same mengde sunne feittsyrer, vitaminer og antioksidantar viss ein veljar økologisk mjølk.

 

Positive helseeffektar med økologisk mjølk

 

- Desse funna er særs interessante, seier fagansvarleg for landbruk i Oikos, Jon Magne Holten, sjølv om ein ikkje kan overføre resultata direkte til norske forhold. Han seier vidare at studien heller ikkje den einaste av sitt slag. I høve til ein av Storbritannias største organisasjon for økologisk landbruk, The Soil Association, er økologisk mjølk det produktet ein har forska mest på i denne samanheng, og fleire studiar frå til dømes Storbritannia og Nederland visar at økologiske mjølkeprodukt gir positive helseeffektar.

 

Meir omega-3 i norsk økomjølk

 

I Noreg har det vorte anteke at det er mindre skilnader mellom økologisk og konvensjonell mjølk slik ein har sett i andre europeiske land. Årsaka til det er mindre forskjell mellom dei to produksjonsmetodane når det gjeld beitetid og kraftfôrandel i fôrrasjonane.

 

Forsking på dette feltet er undervegs også her til lands, og stipendiat Steffen Adler ved Bioforsk Økologisk skal leggje fram resultat på Husdyrforsøksmøtet 2011 i Lillestrøm 14.-15. februar. Adler har saman med to andre forskarar gjennomført eit feltstudie i Midt-Noreg og analysert korleis driftsmåte, økologisk og konvensjonell, samt engalder påverkar mjølkekvaliteten. Konklusjonen er at det er forskjell mellom økologisk og konvensjonelt produsert mjølk, men ein kan ikkje seie at den eine er betre enn den andre. Økologisk hadde meir metta feittsyrer i mjølkefeittet enn konvensjonell mjølk, men samstundes var det meir omega-3 feittsyrer i feittet i den økologiske mjølka.

 

 

 


 

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere