Økologiske og grøne bønder i Frankrike

11.05.2012
Diskusjonar om inntekt og kilo per dekar rungar høgt i det landbrukspolitiske miljøet i Noreg i forbindelse med årets jordbruksforhandlingar. Lovord om landbruket kan me også høyre frå lenger sør på kontinentet, frå den nyvalde franske presidenten, Francois Hollande. Der er tonen litt annleis: grøne bønder og økologisk landbruk.

 

 

 

 

 

 

 

 

  

 

Vil redusere sprøytemiddelbruk

Det har nett vore val i Frankrike, og den nyvalde presidenten, François Hollande, ønskjer fleire og grønare bønder. Han ønskjer ikkje at Frankrike skal vere ”verdsmeister i sprøytemiddelbruk”. Dette skriv den franske nettsida La France Agricole.

 

Økologisk mat i offentlige kantiner

Hollande ønskjer eit meir økologisk landbruk, eit styrka lokalt landbruk og vil også arbeide for at 40 % av maten i offentlige kantinar skal vere lokalt eller økologisk produsert.

 

Meir menneskelig arbeidskraft

Eit ambisiøst program for endringar i landbrukspolitikken vart lagt fram på ein tale Hollande haldt den 29.mars.  Han foreslår ei omlegging av EU sin felles landbrukspolitikk (CAP), blant anna at støtte til landbruket skal gis etter talet på arbeidsplassar, i tillegg i til arealstøtte.

 

Den enorme arbeidsløysa er ei av årsakene til det, og i følgje Hollande er landbruket ei viktig kjelde for arbeidsplassar. Hollande sine forslag til omlegging bryt med fleire tiårs favorisering av korn- og storfeproduksjon i Nord-Europa til fordel for meir arbeidsintensive produksjonar som til dømes grønsaker.

 

Kan ikkje kjøpe matsikkerheit

Produktivitet og kilo avling per dekar er naturleg nok også eit tema i den franske landbruksdebatten, slik som i Noreg. Fransk politikk for høg matproduksjon skal videraførast, meiner Hollande, for korkje Europa eller Frankrike kan kjøpe matsikkerheit på verdsmarknaden.

Styrka jordvern og avgrensing av areal brukt til dyrking av energivekster, er også ein del av den franske presidenten sitt program for landbruket.

 

 

Kjelde: La France Agricole

Foto: Wikipedia

Annonsører

Samarbeidspartnere