Økomat - betre enn sitt rykte

17.05.2009
Vi snubla over ein knakande god leiarartikkel i Firdaposten i Sogn og Fjordane. Den burde sjølvsagt ha stått i Aftenposten, VG eller Dagbladet, men det er ikkje sikkert at evnen og viljen til å analysere er dårlegare i Nordfjord enn i Akersgata, det ser ikkje slik ut.

Bildet: Økologisk roastbiff fra Norgården

Vi tillet oss å sitere heile leiarartikkelen til Svend Arne Svee:

 

«Å satse på økomat handlar om noko langt meir enn å gjere eigen kropp sunnare.»

Salet av økologisk mat har dessverre stagnert. Utflatinga overraskar oss ikkje. Det siste året har det frå fleire kantar av norsk ekspertmiljø blitt sådd tvil om korvidt det ligg helse- og miljøfremjande gevinst i å kjøpe og ete økologisk, kontra konvensjonelle landbruksvarer.

 

Debatten har undra oss.

Det må vere god logikk i at mat framstillt utan bruk av syntetiske sprøytemiddel, kunstgjødsel, kraftfôring og tilsetjingsstoff er sunnare for kroppen, når medisinske ekspertar i årevis har påpeikt at auka bruk av framandstoff i næringa vår kanskje er det viktigaste årsaka til auken av krefttilfella, om ein ser bort frå den viktigaste kreftfaktoren, nemleg auka levealder.

Femårsstudieum

Difor bør den ferske femårsstudien av økomat som EU nyleg la fram, vere gode argument for ny vekst i økomat-salet. Ei grundig studie, utført i 16 forskjellige land har gitt eit klart svar til både produsentar og forbrukarar: Moderne økomat inneheld ifølgje Nationen langt meir vitaminar og meir antioksydantar, samtidig som dei farlege tungmetalla førekjem i langt lågare konsentrasjonar enn i konvensjonelt produsert mat.

Økomat er i dei fleste tilfella dyrare. Difor kan ein håpe at finanskrisa som i fjor førte til renteauke og knappare tider for hushaldningane, var sterkt medverkande til at salet stoppa opp. No er situasjonen tilbake til normalen, med historisk låg rente og styrkt kjøpekraft for det store fleirtalet. Det bør også gi eit løft til økoprodusentane våre.

I eit større bilete

Økologisk mat har også ei viktig oppgåve i eit større bilete, nemleg at det ikkje berre er betre miljø i eigen kropp det handlar om. Auka fokus på økomat bør også gi auka fokus på meir kortreist mat, som har eit stort miljøpotensial. Her er det først og framst daglegvarekjedene som sit med nøkkelen. Forbrukarsamvirket har lova storstila satsing på sunnare nisjemat framover. Det har vi høyrt frå næringa før - utan å sjå dei heilt store resultata. Om COOP-systemet lukkast denne gongen, vil timinga vere god. Målsetjinga bør vere enkel: I nabolandet Danmark vaks økomat-omsetjinga med 30 prosent i fjor. Det bør også vere mogleg å få til her i landet.

Annonsører

Samarbeidspartnere