Økomat eller junk food?

19.10.2013
Har vi fridom til å kjøpe den maten vi vil ha? Og bør det offentlege ha ansvar for å lære folk å lage sunn mat? Spør Jakob Bjerkem, Styreleiar i Oikos - Økologisk Norge.

50 % av verdas helsebudsjett til å reparere skader av overvekt

Einar Risvik frå Nofima slo fast på HINTs Samfunnsansvar-seminar 16. april 2013 at menneska i verda kan delast i tre grupper.  1 milliard svelt, to milliardar et for mykje og tre milliardar et nok og god mat.  Over 50% av heile verdas helsebudsjett går no til å reparere skader av overvekt, hevda Risvik.  Verdas matproduksjon er i stor grad fokusert på produksjon av billig energimat: Kveite, ris, mais, soya og sukker samt olje og feitt.  Media, politikarar og dermed også forbrukarane fokuserer på billig mat.  Dette driv marknaden mot feil matvalg og fedme. Kostnadene ved overvekt fører til enorme samfunnsutgifter.

Billeg mat er viktigast

Alt dette ”veit” vi, men likevel har ansvarlege politikarar hittil svart: Vår førsteprioritet er å produsere den billege maten folk vil ha.  Vi må fortsatt fokusere på større driftseiningar i landbruket og sørge for at næringsmiddelindustrien er konkurransedyktig.  På Bioforsk-konferansen på Hamar 6.-7. februar 2013 sa dåverande nestleiar i Næringskomiteen på Stortinget Svein Flåtten (H) at ”vi må jo regne med at folk kan få litt vondt i magen” som kommentar til at krav frå bakeindustrien vedr. bakekvalitet på kveitemjølet truleg indirekte har ført til at ca 50% av folket i den vestlege verda har problem med magen.  Underforstått: Det er viktigare at bakeindustrien driv rasjonelt og billig enn at folk er friske.

Einar Risvik hevda vidare at ein ved å endre samfunnets krav om billeg mat til krav om helseriktig mat, så kan vi halvere helsebudsjetta.  Vi må derfor arbeide for at dette synet også slår igjennom hos politikarane. Kor mykje har det kosta det norske samfunnet at Trygve Hegnar i ti år har hatt klippekort på å sitte i studio i NRK og rakke ned på norsk landbrukspolitikk og ”dyr mat”?  Kan det vera slik at Trygve Hegnar er ein av dei dyraste personane landet har fostra?

Haldningsendring?

I media synes det som vi no ser ei haldningsendring. Det er sjeldnare å sjå storoppslag i VG og Dagbladet om kor vi får kjøpt den billegaste (og mest industrimessige og dårlegaste) maten.  Oftare og oftare ser vi oppslag om problema industrilandbruket og industrimaten fører med seg. I Aftenposten Kultur laurdag 12. oktober 2013 filosoferer journalist Joacim Lund over ”Kor blir det av den økologiske maten?” Over 5% av norsk landbruk er lagt om til økologisk, men det er jo berre litt tørrvarer, egg og mjølk det er relativt lett å finne i butikken.  Kor blir det av det økologiske kjøttet? Kor er dei økologiske grønnsakene og økofrukta?  Ønsker ikkje industrien/handelsstanden å selje varene?

Ikke lengst levealder i Norge

Niels Chr. Geelmuyden får for tida kjempeoppslag for den nye boka si: ”Sannheten på Bordet-Det du ikke får får vite om maten din”. Han dokumenterer at vi hos nordmenn finn den høgste forekomsten i verda av kreft i prostata, testikkelkreft, tarmkreft, hudkreft, diabetes, multippel sklerose, hoftebrudd, beinskjørheit, kronisk smertediagnose, fibromyalgi, ryggplager, astma, psoriasis og allergiar.  Norge er det landet i verden der flest barn får påvist sukkersyke. Forekomst av brystkreft er dobla dei siste 40 åra og auker fortsatt med ca 5% pr år.  Frå 2006 er det påvist at nordmenn har den dårlegaste sædkvaliteten i verden. 70 sider av boka hans er kjeldetilvisingar.H an riv ned forstillinga om at ”Norge er et foregangsland innen helse, trygg mat og bærekraftig livsstil”. Men leveladeren er jo på topp i Norge vil du sikkert hevde? Nei da, påviser Geelmuyden - den var det - først på 50-talet. Vi glir nedover heile tida og ligg no på 17.-plass. Det at gjennomsnittleg levelader i Norge fortsatt auker synes heller å vera resultat av betre behandling – ikkje mindre sjukdom. Geelmuyden viser også at avlingane av korn ikkje har gått opp i Noreg dei siste åra trass i at vi ligg nesten på verdenstoppen når det gjeld tilført kg N pr dekar i landbruket. Det ser altså ut til at konvensjonelt landbruk med sitt bruk av kunstgjødsel, sprøytemiddel og tunge traktorar også har nådd sitt metningspunkt. Vart det ikkje framlagt ein statistikk som viste at Norge ligg på topp i Europa i sal av tunge traktorar? Landbruket er den næringa i landet som har rasjonalisert og effektivisert mest dei siste 20 åra. Vi er flinkast i klassen til å springe fort og å mekanisere.

Samfunnsoppgave å lære folk å lage sunn mat

I mellomkrigstida og langt utpå 60-70-talet var det ein samfunnsoppgave å lære folk å lage sunn og helseriktig mat.  Det offentlege hadde støtteordningar som gjorde husstellkurs og husmorskolar muleg.  Faster til mor mi – Inga Moen 1888-1962 brukte heile livet på å dra rundt i bygdene i Trøndelag og lære folk kva som var helseriktig mat og korleis dei skulle lage denne. Lærarskolen lærte lærarane å kurse elevane i skolehagar.  Om lærarane fekk betalt for å reise rundt hos elevane i sommarferien for å gi gode råd i vekstsesongen i skolehagen veit eg ikkje, men læraren dukka i alle fall opp og stimulerte til ugrasarbeid og anna stell i grønnsakhagen. Men gradvis i etterkrigstida er vi lært opp i tanken om at handverket og heimeproduksjon av mat og grønnsaker er noko heft. Økonomisk vekst og rasjonalisering må til. Parallelt med dette går så levealderen ned og Norge kjem på verdenstoppen for ei lang rekke sjukdommar.

Kva vil den nye regjeringa?

Det blir interessant å sjå kva den nye regjeringa set som landbruksmål for dei første åra. Vil dei kaste seg på den nye samfunnstrenden som m.a  kjem til uttrykk ved den nye boka til Geelmuyden og endra fokus i media eller vil dei henge seg på veksttanken hos den siste landbruksministeren? Trygve Slagsvold Vedum markerte seg som fersk statsråd ved å sette ned utval for å sjå på korleis ein kan auke kornavlingane som har stagnert eller gått ned i Norge dei siste åra. Han fekk vedtatt ei målsetting om 1% auka matproduksjon i Norge pr år i 20 år. Vil dei nye landbruksmåla meir vektlegge  miljø, helse og økologi eller blir alt som før – eller verre?  Overraska ser vi at høgrepolitikarar som t.d. Torbjørn Røe Isaksen har lagt fram mange miljømål for den nye regjeringa som hittil har vore vanskelege å svelge for den avgåande. Kankje er også tida inne for å vektlegge miljø, helse og økologi framfor einsidig økonomisk vekst? For å nå klimamåla synes dette nødvendig.

Fridom for folk?

Om den nye regjeringa meiner alvor med at dei vil skape fridom for folk flest, så må det også bety fridom til å få kjøpe økologisk og berekraftig mat i vanlege matvarebutikkar. Når Joacim Lund skriv at han finn ønska økokylling først i butikk nummer sju han er innom, så skapar ikkje dette fridom for vanlege folk. Fridom er å kunne velje helse og berekraftig utvikling og mat, på like linje med junkfood. Det oppnår ein ikkje ved å senke overføringa til økologisk jordbruk og bønder generelt. Vi blir meir ufrie av det.

Kronikk av Jakob Bjerkem, Styreleiar i Oikos - Økologisk Norge. Stod på trykk i Trønderavisa fredag 18.oktober.

Annonsører

Samarbeidspartnere