Økopris Vestlandet 2007 går til Godt Brød

07.09.2007
For andre gong på ei veke mottek Godt brød heider for sin innsats for økologisk mat. Sist helg vart verksemda kåra til Årets økoleverandør 2007 under matfestivalen i Ålesund. No mottek Godt brød Økopris vestlandet 2007. Den blir delt ut under opningsseremonien til Bønder i byd’n.


Tid: fredag 7. september klokka 13:15.
Sted: Bryggen i Bergen

Begrunnelse for prisen
Godt brød byrja med ein økologisk bakarverkstad ved Korskirken i Bergen for 12 år sida. Den vesle bakaren på hjørnet har etter kvart fått seks nye søsken. Eitt til i Bergen, fire i Oslo, eitt i Trondheim. Omsetnaden ligg på 55 millionar årleg, og veks.

Økopris vestlandet går til ei bedrift som har gjort ein særleg innsats for å fremja økologisk landbruk, forbruk og utvikling i regionen vår, men også nasjonalt. Bakeria har over ein million besøk årleg, og kan karakteriserast som ein av dei største økologiske suksessane i landet.

Gründerane Øystein Løvlie og Richard Müller har stimulert spesielt økologiske kornbønder og møller, men også økologiske fruktbønder i Sogn, økologiske drikkeprodusentar som Balholm og Corona, og økologiske kjøtprodusentar som Vikjakjøt. Godt brød er difor ein motor i heile kjeda frå jord til frukost- og lunsjbord.

Bergensbedrifta Godt brød har blitt ei av dei mest synlege økologiske foretaka i landet. Etter ein sterkt oppbyggingsfase i Oslo, har hovudkontoret blitt flytta dit. Løvlie og Müller satsa på økologiske brød og handverk, i ei tid då økologi mest var for idealistar, bakarhandverket hadde blitt industrialisert, og medan VGs prispoliti og Rema 1000 sette matvareagenda. Slik har dei greidd å ligge i forkant, medan marknaden opplever ein økologisk megatrend. No vurderer kjeda å satse i tre nye byar.

Trass i veksten, klarar Godt brød å framstå som den lokale bakaren, fundert på solid handverk i butikken, framfor kunden sine auge. Juryen opplever at kvalitet, service og økologi står like sterkt i dag, som i 1995, og oppfordrar til å følgje den same linja vidare.

Prisen vert delt ut av Oikos vest, Økoringen vest og Forsøksringen Hordaland.

Den er sponsa av landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland og landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Prisen er på 5000 kroner og eit særtrykk av den sunnfjordbaserte kunstnaren Karen Helga Maurstig.

Tidlegare prisvinnarar:
2005: Sogn jord- og hagebruksskule
2006: Finnegarden

Prisutdelarane:
Oikos vest er regionlaget til Oikos – Økologisk Landslag, og dekker Hordaland og Sogn og Fjordane, og er administrator av prisen. Oikos si oppgåve er å fremje økologisk landbruk, og medlemmene er både forbrukarar og produsentar. Økoringen vest er ein bondeeigd økologisk forsøksring for Sogn og Fjordane, medan den tredje prisutdelaren er det økologiske fagrådet til Forsøksringen Hordaland.

Prisen vert delt ut av Olav Agnar Bø, styreleiar i Økoringen vest og tidlegare mottakar av prisen, då som rektor ved Sogn jord- og hagebruksskule.

Kontaktinformasjon:
Spørsmål kan rettast til styreleiar i Oikos vest, Henning A. Hellebust,
900 58 669, henningah@hotmail.com, www.oikos.no/vest


Annonsører

Samarbeidspartnere