Økopris Vestlandet 2009 til Hanne Frosta

18.09.2009
Kokken Hanne Frosta frå "På Høyden" vart under Bergen Matfestival heidra for si satsing på kortreist, økologisk mat og sitt store engasjement for vestlandslandbruket og økologiske foredlingsmetodar. Det er Oikos Vest og dei økologiske rettleiingsorganisasjonane på Vestlandet som deler ut prisen.

Økopris Vestlandet går til verksemder eller enkeltpersonar som har gjort ein særleg innsats for å fremja økologisk landbruk, forbruk og utvikling. Spisestaden På Høyden er eit skikkeleg øko-fyrtårn på Vestlandet, og det vert lagt merke til denne øko-suksessen i heile landet.
 
Kokk med fleire engasjement
Prisutdelarane meinar at Hanne Frosta sitt sterke engasjement for lokal, økologisk mat, men også interessa for økologiske foredlingsmetodar, og helse- og kulturaspekt ved matproduksjonen, gjer henne til  ein verdig vinnar av Økopris Vestlandet. Hanne Frostad har vore interessert i økologisk mat i mange år, og etter at ho overtok spisestaden På Høyden - http://www.spisestedet.no/ - for nærare 10 år sidan, kunne ho realisere ideane sine og engasjementet sitt i praksis.   
 
Viktig førebilete
Hanne Frosta er kokk i særklasse. Maten skal ikkje berre vere økologisk (Debio-godkjend), men også vere norsk og helst lokalprodusert, d.v.s. kortreist. Dermed er Hanne Frosta eit viktig førebilete for andre i den pågåande klimadebatten, og hennar spisestad er ein víktig kunde for mange  øko-bønder i regionen. Men Hanne Frosta sitt arbeid stoppar ikkje ved kokegrytene. T.d. er ho engasjert i spørsmål om mat og helse, ho er med i Slow Food-rørsla, og ho er oppteken av (mat)kultur og kulturformidling.
 
Hanne Frosta delar gjerne røynsler med andre og deltek på ulike arrangement over heile landet for å motivere andre til å arbeide  for kortreist og økologisk mat.

Mange priser 
Hanne Frosta har tidlegare fått ei rekkje priser for engasjementet sitt (m.a. vart ho årets kokk i 2005 og 2006 - den første kvinnelege - Bondelagskokk 2006, Heidersdiplom frå Ny Nordisk Mat 2007).

Økoprisen Vestlandet vert delt ut av Oikos Vest, Økoringen Vest og Norsk Landbruksrådgiving Hordaland, økologisk avdeling. Prisen er på kr 5000 og er sponsa av landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland og landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 
 
 
Tidlegare prisvinnarar:
2005: Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aurland
2006: Finnegarden, Voss
2007: Godt Brød
2008: Kari Haga og Nils Vange, Vik

 
Prisutdelarane:
Oikos Vest er regionlaget til Oikos - fellesorganisasjon for økologisk produksjon og forbruk, og dekker Hordaland og Sogn og Fjordane, og er administrator av prisen. Oikos si oppgåve er å fremje økologisk landbruk, og medlemane er både forbrukarar og produsentar. Økoringen Vest er ein bondeeigd økologisk forsøksring for Sogn og Fjordane, medan den tredje prisutdelaren er det økologiske fagrådet til Norsk Landbruksrådgiving Hordaland.

 

Annonsører

Samarbeidspartnere