Økopris Vestlandet 2010 til Pascale Baudonnel

11.09.2010
Pascale Baudonnel frå Undredal vart heidra for sitt heilskaplege engasjement for økologisk landbruk i vidaste forstand. Prisvinnaren er mest kjent for sitt engasjement for lokale mjølkeprodukt og økologiske foredlingsmetodar , men ho har i årevis også vore ein stor inspirator og pådrivar i det økologiske miljøet generelt, sa Reidar Andestad fra Oikos – Økologisk Norge under prisoverrekkinga ved opninga av Matfestivalen i Bergen.

Over ser vi prisvinnar Pascale Baudonnel som fekk økoprisen for Vestlandet utdelt av Oikos under opning av Matfestivalen i Bergen.

 

Det er Oikos Vest og dei økologiske rettleiingsorganisasjonane på Vestlandet som deler ut prisen.  I år vart prisen delt ut for sjette gang.

 

 

Her er Pascale Baudonnel og Reidar Andestad i Oikos - Økologisk Norge rett etter at ho fekk økoprisen

Følgjande vart framheva i talen til Pascale Baudonnel:

 

Økopris Vestlandet går til verksemder eller enkeltpersonar som har gjort ein særleg innsats for å fremja økologisk landbruk, forbruk og utvikling.

 

Pascale Baudonnel kom som tenåring til Norge, og her har ho i over 30 år engasjert seg for det økologiske landbruket.  Mest kjent er ho for sin innsats for tradisjonsbasert foredling av mjølk. Hennar målretta satsing på å ivareta og vidareutvikla tradisjonelle foredlingsmetodar er eineståande og organisasjonen "Norsk Gardsost" med tilhøyrande fagblad er eit godt synleg resultat av hennar arbeid. Det er Pascale å takke for at det no igjen er lovleg i Norge å lage produkt av upasteurisert mjølk.

 

Prisutdelarane vil trekkje fram at Pascale Baudonnel ikkje berre har engasjert seg i foredling av mjølk, men at ho også har vore ei viktig drivkraft i det økologiske miljøet i Norge generelt. Tidleg på 1980-talet vart Pascale medlem am "Jordsøkarsambandet" (forgjengaren til Oikos), og ho var ei viktig drivkraft for å etablere Økoringen Vest (den første økologiske forsøksringen på Vestlandet). Etter skipinga i 1988 var Pascale i 3 år leiar av denne organisasjonen.

I 1986 byrja ho og mannen Ivar Bjarne Underdal å drive jorda på den tradisjonelle geitegarden i Undredal økologisk, og dei var i si tid også med i det såkalla 30-bruksprosjektet.

 

Pascale Baudonnel er født i Frankrike der ho vaks opp i eit øko-samfunn.   Ho har teke  øko-engasjementet sitt med seg til Norge og klart  å vidareformidla det til mange andre på ein framifrå mate.

 

 

Prisvinnaren har ein stor porsjon ståpåvilje og tek eit nei ikkje alltid for eit nei, ein eigenskap som har vist seg til å vere heilt naudsynt i konfrontasjonen med det norske byråkratiet. Med sine røynsler frå Frankrike og internasjonale kontaktar elles veit ho at ting kan gjerast på mange måtar og at dersom ein verkeleg vil arbeide for ei økologisk framtid for kloden vår , så er  satsing på industrialisering og høgteknologisk hygiene ikkje vegen å gå.

 

Pascale er allsidig interessert og engasjert, men alltid med eit økologisk utgangspunkt Ho er også med i Slow Food-rørsla,  er oppteken av (mat)kultur og kulturformidling, og spesielt også dyrevelferd står hennar hjarte nær. Gjennom sitt engasjerte vesen har ho klart å inspirere mange til å drive meir økologisk, og det er ikkje få som på kurs og studieturar har lært seg å foredla mjølk til sunne og spanande produkt.

 

 

Pascale Baudonnel  har tidlegare fått ei rekkje priser, dei fleste i tilknyting til hennar mjølke- og osteengasjement. I år 2000 utnemnte Oikos på landsplan Pascale til årets meitemark. 

 

 

Prisutdelarane meiner at det allsidige engasjementet gjer Pascale Baudonnel   til  ein verdig vinnar av Økopris Vestlandet  2010. Prisutdelinga skjer i samband med opninga av Bergen Matfestival den 10.9.2010.

Prisen vert delt ut av Oikos Vest, Økoringen Vest og Norsk Landbruksrådgiving Hordaland, økologisk avdeling. Prisen er på 5000 kr. og er delvis sponsa av landbruksavdelingane hjå Fylkesmennene i Hordaland  og  Sogn og Fjordane.

 

 

 

Tidlegare prisvinnarar:

2005: Sogn Jord- og Hagebruksskule SJH, Aurland

2006: Finnegarden, Voss

2007: Godt Brød

2008: Kari Haga og Nils Vange, Vik

2009 Hanne Frosta (Spisestedet Høyden)

Annonsører

Samarbeidspartnere