Økosamling i Oslo

24.09.2012
9.-10.november samlast vi til økosamling i Oikos for å la oss inspirere, motivere og engasjere til arbeid for eit økologisk samfunn. Du er hjarteleg velkomen!

Saman for meir økologi

9.-10.november samlast Oikos tillitsvalte, medlemmar og andre interesserte til samling i Oslo. Målet med samlinga er å auke motivasjon, inspirasjon og fellesskap, minne oss sjølv på kor viktig arbeidet vårt er, og lære meir om kva Oikos jobbar med i heile landet. Det blir fagleg og sosialt berikande, og me håpar så mange som mogleg vil kome!


Program og påmelding her!

Tid og stad

9.november: Miljøhuset, Grensen 9b, Oslo
10.november: Fabrikken, Vulkan, Grünerløkka Oslo
NB! Påmeldingsfrist 10.oktober for dei som skal overnatte på Scandic Vulkan. Etter 10.oktober må de ordne overnatting sjølve.

Målgruppe: tillitsvalte i Oikos, Oikos-medlemmar og alle andre interesserte
For spørsmål og bestilling av overnatting, kontakt Helene Austvoll, helene@oikos.no/98 03 53 30


Fredag 9.november

17.30   Økologisk snikk snacks på Miljøhuset

Andrew Kroglund kjem klokka 1900 og vil halde eit kåseri om mat og mangt. Kroglund er samfunnsdebattant, tidligare kåsør i NRK, informasjons -og politikksjef i Utviklingfondet og styreleiar i ForUM for utvikling og miljø. Vi lager også ein god kveldsmat! Oikos står for maten, du står for økologisk drikke! :)


Laurdag 10.november
Stad: Fabrikken Vulkan, Maridalsveien 13 b, Oslo (ved Grunerløkka)
Tid: 09.30-20.30


09.30   Registrering og morgonkaffi

10.00   Velkomen og introduksjon v/Maiken P. Sele konst.dagleg leiar
Korleis skal me best jobbe saman for ei utvikling mot eit meir økologisk samfunn?

Gruppediskusjonar og oppsummering

11.30-11.45     Pause m/snacks


11.45-12.45    
Genmodifisert mat på norske fat - kor lenge kan vi stenge grensene?
                      v/Jon Magne Holten, Oikos


12.45-14.15     LUNSJ og tid til å tusle i Mathallen


14.15-15.15    
Kommunikasjon og kampanje

 
Real life. Korleis kommunisere økologien og profilere Oikos?
  Virtual life. Korleis bruke sosiale medier og nett til å nå ut bredt?
  Tradisjonelt mediearbeid. om å fotfølgje journalistar og meir


15.15-15.30    Småsnakk og småsnacks


15.30-1
7.
30     Kva skjer vidare lokalt og sentralt? Samarbeid lokalt og sentralt

1.   Kampanje til jul 2012. Kronerulling for ODISSA (Oikos sitt utviklingsprogram i Zambia/Tanzania)
      Diskusjon om korleis laga og andre kan bidra.

2.   Økologisk gårdsmarked. Erfaringar frå 2011 og 2012. Kvifor arrangere? Kan dette blir ein fast aktivitet?

3.   Kampanje til våren Idèmyldring om felles kampanjar til neste år.
      Gruppediskusjonar


17.30-18.00  
Oppsummering og generell dialog om samarbeidet lokalt og sentralt


18.00-20.00   Økologisk middag


20.30-           Heimreise/sightseeing Oslo by night ;)


Praktisk info: 

Me ønskjer at så mange som mogleg deltar på samlinga, og håpar lokal -og regionlaga kan spreie det til andre medlemmar, slik at enno fleire blir inspirert til å delta aktivt.

Overnatting er førehandsbooka på Scandic Vulkan, rett ved Fabrikken kor samlinga er. Skandic serverer økologisk frukostbuffè inkludert i prisen. For enkeltrom: 890,- For dobbeltrom: 1090,- Endelig bestilling seinast 10.oktober. Bestilling til helene@oikos.no

 

For lokal -og regionlag
Reise: Oikos sentralt dekker reise for deltakarar frå lokal -og regionlag, mot levert reiserekning.
Opphald: Lokal -og regionlag dekker overnatting

 

For andre medlemmar
For dei som ikkje er med i eit lag kan me diverre ikkje dekke reise eller opphald, men samlinga er gratis, både det sosiale og faglege, og ikkje minst den gode maten!

For ikkje-medlemmar
For dei som ikkje er medlem er prisen kr 500,-. Medlemskap kostar kr 365,- per år. Meld du deg inn i dag, gjeld dette også for neste år. Klikk her for innmeldingsskjema. For betaling utenom innmelding, kontakt Helene Austvoll, helene@oikos.no/98 03 53 30

 

Annonsører

Samarbeidspartnere