Økosuksess på flaske frå Balestrand.

06.03.2009
Fleire og fleire plassar finn du den forfriskande økosuksessen Balholm. Friskpressa eplemost sildrer ned i tusenvis med glassflasker i fruktkommunen Balestrand . I denne kommunen finn du flest fruktprodusentar i landet og her kjemper selskapet i Sogn med å få tak i meir norsk økologisk frukt. Oikos er kjempeimponert, seier Reidar Andestad.

 

Ei Balholm-oppleving på flaske!

Frå dei same flaskene drikkes det frisk eplemost over heile landet, om utsala får tak i nok flasker.  Ver merksam på at det kan krevje mykje arbeid  å opne ei flaske, ein kjem ikkje gratis til denne herlegdomen.   

 

Kvifor denne økosuksessen frå Sogn?

 I følgje fruktekspert og styremedlem i Oikos, Marianne Bøthun, er det drivande folk med grundig oppbygd kompetanse,  kvalitet på råstoff, god produksjon, godt design og ikkje minst god smak som ligg bak den store interessa og omsetninga.

 

Friskpressa

Til ein liter friskpressa most går det med ca halvannan kilo eple.  Konvensjonell friskpressa utgjer tyngste delen av produksjonen, men det er på økosida at salet verkeleg har teke av.  Til Vestlandsk landbruk seier Marianne Bøthun at hadde det vore meir økofrukt å få tak i, kunne bedrifta ha 4 dobla produksjonen.  Bak bedrifta står tre eigarar Åge Eitungjerde, Eli Grete Høyvik og fruktbonde og salsansvarleg Rune Haug.

Friskpressa er eit reint naturprodukt, der ingen ting er tilsett og ingen ting er teken bort.

 

 

15 tonn økofrukt!

Bedrifta tek i mot årleg 15 tonn økofrukt frå Sogn, i tilegg til også frukt frå resten av landet og må no også importere noko for å dekke etterspurnaden.  Vinteren 2006/07 pressa bedrifta 70 000 liter økologisk.  Omsetninga var i 2007 på 6,2 mill og overskotet vart  680 000.

 

 

 Godt betalt for produsentane

Økologisk pressfrukt konkurrerer no med prisen på konvensjonell klasse 1 frukt.  Skriv en kontrakt for levering med mosteriet, får ein ekstra 0,80 pr kg om en bind seg til å levere 80% i fem år.  Økorekruttprosjektet i samarbeid med Godt Brød gjev no kr 5,20 per kg for eple i karens, medan for godkjent økologisk frukt får ein 6,20 per kg, i tillegg kjem eventuelt kontraktstillegg og mulig distrikts- og kvalitetstilskudd.

 

Kvar finn eg Balholm?

Trylledrikken finn du hos Godt Brød sine bakeriutsal, Ultra, Meny, Centra og enkelte Coop og ICA-butikkar i liter flasker.  Nytt av året er at økologisk nypressa også blir tappa på 33 centiliters flasker retta mot kafe og restaurantbransjen.  Ver merksam på at ikke alle flaskene fra Balholm er proppet økologisk innhald.

 

Flåmsbana, Ciderhus, Kvikne og Balhom!

Har du ikkje vore i Balestrand og sett fruktbygda er det absolutt turen verdt og du kan besøke både gamle Kvikne Hotell og Ciderhuset til ekteparet Åge Eitungjerde og Eli Grete Høyvik.

 

 

 

Meir informasjon på http://www.balholm.no/

 

Eit større intervju med Marianne Bøthun om Balholm står under Oikos sin spalte i Vestlandsk Landbruk nr 2.2009.

 

Annonsører

Samarbeidspartnere