ØkoVeka i Nord-Trøndelag!

15.10.2013
Det er Økoveke i Nord-Trøndelag med ei rekke kurs og andre spennande arrangement på programmet. Oikos sin styreleiar, Jakob Bjerkem, som også er medarrangør med Oikos Nord-Trøndelag, rapporterar.


Økoveka i full gang

Det er hyggeleg å dele ut inspirasjon og gode smakar. I går var det magasinet Ren Mat, økologiske epler frå Mikkelhaug på Levanger, samt økologisk kaffe å få på Fylkets Hus og på Mære Landbruksskule. I dag står Rådhuset i Steinkjer og Høgskulen i Nord-Trøndelag for tur.

Mykje å lære

Programmet for Økoveka er fullpakka av kurs og seminar. I går var det økologisk grovfôrseminar på Mære. Det var fullt hus med eigne elevar og studentar frå Høgskulen i Nord-Trøndelag (Hint), samt mange bønder. Professor Harald Volden heldt eit fantastisk føredrag om fôring av økologisk melkeku.  Hans hjartesak i tillegg til kufôring er tydelegvis den meiningslause importen av soya som myndigheitene i Danmark og Finland ser som eit problem.  Volden er oppgitt over at norske myndigheiter ser ut til å synast at dette er heilt naturleg og nærmast ønskeleg for å "sleppe å importera kjøt". I Danmark og Finland vert store ressursar brukt for å få slutt på soyaimporten. Økoveka held fram med mange fullbooka kurs - dei fleste med tema økologisk mat og helse.

Økoseminaret

Fredag rundes det heile av med det store Økoseminaretheime hjå Jakob på Bjerkem, over 80 personar står no på deltakarlista. Bjerkem sit i styringsgruppa for Økoveka i Nord-Trøndelag. - Nord-Trønderane er stolte over at Trøndelag ligg i Norgestoppen når det gjeld omlagt landbruk, seier Bjerkem.  - Vi er også stolte over vedtaket i felles fylkesting for begge trønderfylka, som seier at her er ikkje målsettinga 15 prosent økologisk, men 17 prosent. Trønderane har 2 prosent betre målsetting enn resten av landet, framhever Bjerkem. Han er også stolt over vedtaket i Nord-Trøndelag fylkesting frå april 2011 som seier at målet for innkjøpt mat er det same som for omlagt landbruk.  Kva for andre fylke kan skilte med tilsvarande vedtak? spør Bjerkem, no venter han berre på gjennomføringa.

Beste øko-kommune?

- Men mest stolte er vi likevel av Overhalla kommune, fortset Jakob Bjerkem. - Overhalla var ein av Økoløftkommunane og mellom anna det gav varige resultat. Frå før har Overhalla utmerka seg med gode miljøplanar og mijøtiltak, og no vågar Jakob Bjerkem å sette fram påstanden om at Overhalla kommune er landets beste kommune på innkjøp av økologisk mat. - Overhalla har i fleire år vist veg for både fylket og kommunane.  Storkjøkkenet i Overhalla og leiinga i Overhalla kommune er eit førebilete for alle i Nord-Trøndelag, meiner Bjerkem. Han fortel vidare at i Overhalla er no 56 prosent av alle innkjøpte melkeprodukt økologisk, 25 prosent av all frukt og grønt er økologisk og når det gjeld brødvarer så bakas alt lokalt og omtrent alt innkjøp av råvarer er økologisk, mellom 90 og 100%! Marit Aasved ved Overhalla storkjøkken opplyser at ein også er i ferd med å dreie innkjøpa ved å redusere kjøtt og gå over til meir erter/bønner/linser.  Dette er både meir økonomisk og lettare å få til økologisk. For å fokusere på offentleg innkjøp har Økoveka lagt seminar med dette som tema til Overhalla på torsdag 17.oktober.

Heile programmet og påmelding ligg på maere.no, gå vidare inn på Kurs.

Sjå heile programmet her.

Oslo har lete seg inspirera av nord-trønderane, og arrangerar også økoveke - ØKOSLO -denne veka.

Annonsører

Samarbeidspartnere