Økoveka i Nord Trøndelag - ein suksess

31.10.2011
- Det mest gledelege ved den omfattande økoveka i Steinkjer er at storkjøkkena vi var i kontakt med i Nord Trøndelag var eintydig positive, seier Jakob Bjerkem, styreleiar i Oikos – Økologisk Norge, som leia arbeidet med arrangementa. Representantar for mange storkjøkken har vore på kurs og lært om økologi og økologisk mat av mellom anna overlege Berit Nordstrand og kjøkkensjef ved St. Ola Hospital - Gunnar Kvamme. Alle sjukeheimar og eldreinstitusjonar i Steinkjer har servert økologisk mat gjennom veka.

Choice Grand Hotell i Steinkjer var beste økologiske hotell i Norge under Økoveka i Nord Trøndelag og fortel om god tilbakemelding frå gjestane. 

 

Rekord-mykje økologisk mat i Steinkjer

Alle tilsette ved Steinkjer Rådhus, Statens Hus og Fylkets Hus og alle som abonnerer på mat gjennom Steinkjer Storkjøkken har fått betydelege mengder økologisk mat gjennom veka. Over 1000 personar som arbeider i dei store offentlege kontorbygga i Steinkjer har blitt møtt med info om økologi og økologiske smaksprøver. Quality Hotel Grand på Steinkjer har hatt tilnærma 100% økologisk frukost heile veka og fleire økologiske rettar til middag. Hotellet rapporter om positiv respons frå besøkande.

 

Ingen stader i landet har klart å gjennomføre så mange økologiske arrangement på ei veke, involvere så mange samarbeidsparter og få økologisk mat inn på så mange storkjøkken.  Her er  styreleiar Jakob Bjerkem som leia og koordinert Økoveka. Han takkar alle som har bidratt.


Fylkesargonom for økologi Eva Pauline Hedegart var ein av pådrivarane i økoveka.
Foregangsfylke Økologisk mjølk/FMLA Nord-Trøndelag finansierte store deler av
økoveka.

 

Trøndelagsfylka er foregangsregion for økologisk mjølk

Bjerkem fortel at veka var eit samarbeid mellom fleire og ikkje minst har økonomisk støtte frå Foregangsfylka økologisk mjølk, som er lagt til Sør og Nord Trøndelag, gjort det heile muleg.
- Det var daværande varaordførar Aud Gaundal i Steinkjer kommune som tok initiativet til å utvide den faste tradisjonen med Økoseminar på Bjerkem til å bli ei heil økoveke. Aud Gaundal er også leiar i Nor-Trøndelag bonde- og småbrukarlag.

 

Daverande varaordførar Aud Gaundal initierte Økoveka. Steinkjer Storkjøkken hadde
stor økosatsing gjennom heile Økoveka. Alle institusjonar serverte økologisk mat
gejnnom heile veka.

Eit av resultata av veka er at at ei mengd forbrukarar har fått informasjon om økologisk mat. Storkjøkkena har erfart at dei kan få til økologiskinnkjøp og menyar med økologisk mat. Vi har etablert eit godt samarbeid mellom ei rekke aktørar som er interesserte i økologisk mat og økologisk landbruk.

 

Kunnskap og inspirasjon frå Danmark

Fagleg var samlingane på Bjerkem av høg standard med ei rekke internasjonale foredragshaldarar. Leiaren for Økologiske landsforeningen i Danmark - Evald Vestergaard, fortalte om fortsatt vekst i økologisk omsetning i landet og om årsakene til at Danmark er verdensleiande både i økologisk produksjon og forbruk.

 

Slepp av nyheiter

Under seminaret vart fleire nyheter slepte:
- Boka "Framtidsfrø - spirer for en bedre verden " vart presentert i økoveka dagen før boksleppet på Litteraturhuset i Oslo.
- Dr ph Anders Borgen presenterte sine forskingsresultat på korn med konklusjonen "Moderne kveitesorter er uegna som menneskeføde"
- Avtalen mellom Forsvaret og TINE om Økologisk lettmelk til alle avdelingar vart offentleggjort
- Avtalen mellom Rørosmeieriet og Rema 1000 om økologiske meieriprodukt i alle Remabutikkar i Midt-Norge vart presentert.

 

Alt no er det forslag om å gjennomføre noko liknande i andre fylker og å gjenta prosjektet i Nord-Trøndelag neste år.

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere