Olav Arnar Bø er vald til ny styreleiar i Oikos

23.03.2014
Landsmøtet i Oikos – Økologisk Norge denne helga har valt Olav Arnar Bø frå Vik i Sogn til ny styreleiar. Bø tar over etter Jakob Bjerkem, som takker av etter mange års hederleg innsats for organisasjonen.

Olav Arnar Bø er vald til ny styreleiar i Oikos - Økologisk Norge.

Sivilagronom og lærar

Bø vart utdanna sivilagronom ved Norges Landbrukshøgskule på Ås i 1978.

Han starta som lærar og gardsstyrar på Sogn Jord- og Hagebruksskule i 1978.

Etterkvart vart undervisinga på skulen meir og meir prega av økologisk tankegang.

Olav er òg medforfattar av fleire lærebøker i økologisk landbruk.

Olav er med sin sterke, allsidige fagkunnskap, si store formidlingsevne og sitt sterke

engasjement kjent som ein særs dyktig lærar og ein mykje brukt føredragshaldar.

Rektor og bonde

- Bø har ei vesentleg del av æra for at Sogn Jord- og Hagebruksskule framleis

eksisterer og i dag tilbyr undervisning i økologisk landbruk. Han tok elevane på alvor

da dei etterlyste meir kunnskap om økologisk landbruk, seier avtroppande styreleiar

Jakob Bjerkem i Oikos – Økologisk Norge.

Olav Arnar Bø har vore aktiv i det økologiske landbruksmiljøet i ei årrekkje, både som

lærar og rektor på Sogn Jord- og Hagebruksskule, som bonde på eigen gard i Vik, og

gjennom ulike verv vore ei viktig brikke i arbeidet for det økologiske landbruket.

Driv lokalt slakteri

Saman med fire andre gardbrukarar i Vik kommune har Bø starta opp eit lite lokalt

slakteri, Vikja AS. Han har dei siste åra vore dagleg leiar på slakteriet, i tillegg til å vera

styreleiar i Økoringen Vest.

Olav Arnar Bø er ein fagleg dyktig og entusiastisk mann. Han har eit enormt pågangsmot

og eit særs godt humør.

Landsstyret i Oikos – Økologisk Norge har òg fått nye styremedlemmar, desse er:

Eric Brinkhof, gardbrukar på Ramme Gaard i Hvitsten, Akershus, og i tillegg ein ivrig birøktar. Han er òg styreleiar i Biologisk-dynamisk Forening.

Liv Heide, jobbar i Rissa kommune, Sør-Trøndelag. Hun har tidligare vore gardsstyrar på Fosen folkehøgskole, økologisk drift.

Mette Goul Thomsen, jobbar ved Bioforsk på Apelsvoll, Oppland. Hun har ein doktorgrad innan ugrasregulering i økologisk planteproduksjon.

Camilla Ek (1. vara), bor i Kvæfjord kommune, Troms, og er prosjektleiar for prosjektet Økt produksjon av økomelk i Nord-Norge i regi av Tine Nord.

Olaug Bach (3. vara) er rådgjevar i Norsk landbruksrådgiving i Sør-Trøndelag.

Følgjande tillitsvalde fortset i Oikos sitt landsstyre:

Geirmund Øglend (nestleiar) er økologisk mjølkebonde i Rogaland.

Tove Hoppestad (styremedlem) frå Vestfold.

Stig Braathen (styremedlem) frå Solør i Hedmark.

Anita Panman (2. vara, tidligere 1. vara) frå Buskerud

Annonsører

Samarbeidspartnere