Opprop for Sogn Jord- og Hagebruksskule

18.11.2013
Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein veldig viktig skule for å sikra både kompetanse og rekruttering til økologisk landbruk her i landet. Oikos - Økologisk Norge er ein av flere organisasjonar som vil kjempa for skulen som er trua med nedlegging.

Sogn Jord- og Hagebruksskule har i mange år levert kunnskap og kompetanse om økologisk drift
til nye generasjonar bønder, gartnarar og gründarar.

Sogn Jord- og Hagebruksskule er den einaste heilskaplege økologiske landbruksskulen i Norge.
Her vert det undervist i plantedyrking, husdyrhald, utmarksforvalting, teknikk, ”inn på tunet”,
foredling og bygdeutvikling. Sjå meir på Sjh.no

Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein kraftfull arena for alle med interesse for økologi og
landbruk.

Sogn Jord- og Hagebruksskule er i regi av Ressurssenteret og Kompetansenavet Vest arrangør av
mange seminar, kurs og føredrag.

Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein levande og mangfaldig samfunnsaktør.

Men snart kan det vera slutt.

Bygningane på skulen må moderniserast for å stetta krava til undervisingsrom og internatdrift.
I desember 2013 skal fylkestinget i Sogn og Fjordane avgjera om skulen skal få den naudsynte
løyvinga. Eller om skuledrifta vert avvikla.

Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening er skipa for å medverka til at skulen si framtid
vert sikra.

I ei verd som står overfor enorme utfordringar med omsyn til miljø, matforsyning og forvalting av
naturressursane, er økologi og økologisk landbruk svært viktig. Det trengs folk med kunnskap og
kompetanse til praktisk gjennomføring av dei måla som er sette.

Du kan vera med å tryggje framtida for Sogn Jord- og Hagebruksskule!
Me vil invitera deg til å signera oppropet som skal leverast til skuleeigaren, Sogn og Fjordane
Fylkeskommune.

Signér oppropet her

Les meir: Oikos - Økologisk Norge, Norsk Bonde og Småbrukarlag, Norges Bondelag og Utviklingsfondet sendte brev til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Annonsører

Samarbeidspartnere