Patent på brokkoli lagt død

21.12.2010
Det er ikkje lov å ta patent på vanleg planteforedling og dyreavl. Det var konklusjonen til det utvida klageorganet i Det europeiske patentkontoret (EPO) då det avslutta den mangeårige vurderinga av spørsmålet 9.desember.
- Dette er både gledeleg og riktig, seier fagsjef Jon Magne Holten i Oikos - Økologisk Norge.

Det blir ikkje noko klussing med genene til brokkolien i denne omgang, det gleder Oikos og Jon Magne Holten. I følgje Opplysningskontoret for frukt og grønt held du deg ung ved å spise mykje brokkoli, i større butikkar finn du ofte økologisk brokkoli.  Foto:Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG)

 

Tidlegare patent er brot med patentlova

I 2002 fekk det britiske selskapet Plant Science patent på konvensjonell foredling av ein særeigen type brokkoli. Patentet gjaldt både foredlingsprosessen og sjølve produktet. Eit konkurrerande selskap klaga på patentet fordi det er eit brot med patentlova om at "vesentlege biologiske prosessar" ikkje skal patenterast. Eit tilsvarande patent er gjeve på tomat, skriv Gennytt.

 

Avgjera fjernar no grunnlaget for dei omstridde patenta på tomat og brokkoli.

 

Les om saka hos Utviklingsfondet her

 

Spis deg ung med brokkoli

Nye forskningsresultat viser at stoffer i brokkoli kan ha ein foryngande effekt på immunforsvaret og dermed bremse aldringsprosessen. Ved å spise mykje brokkoli jevnleg, kan du med andre ord halde deg ung lenger, skriv Opplysningskontoret for frukt og grønt om brokkoli.

 

Tidlegare studiar har vist at brokkoli kan virke førebyggande mot kreftsykdom og magesår, men nå viser ei ny studie gjennomført ved University of California Los Angeles (UCLA) at brokkoli også kan ha ein positiv effekt på kroppen si evne til å gjenoppretta immunforsvaret, og dermed bidra til å halde kroppen ung lenger.

 

Studia fokuserte på dei frie oksygenradikalane si betydning for kroppen si aldring og på korleis den prosessen kan bremsast.

 

Les heile saken hjå OFG her

Annonsører

Samarbeidspartnere