Patent på brokkoli, tomat og svin?

23.06.2010
Regjeringa er taus når det gjeld patent på levande plantar og dyr. Store selskap har fått patent i EU på nokre typar brokkoli, tomatar og svin, og vil kunne nekte andre å produsere og selje desse varene. Norge prøver ikkje ein gong å påverke utviklinga, meiner 16 norske organisasjonar, som Oikos – Økologisk Norge, etterlyser ein aktiv patentpolitikk frå regjeringa.

 Bildet viser flotte økologiske tomater frå eit marked i Paris.  Monsanto og fleire store selskap kjempar nå om rettar til tomat, brokkoli og svin, ikke tru at det vert avvist utan mobilsering og Norge må delta aktiv for å stoppe slike patentsøknader seier Oikos og en rekke andre organisajsonar.

 

Allereie i 2007 skrev 16 norske organisasjonar brev til regjeringa om EUs nye patentpraksis. Dei fekk svar frå justisminister Knut Storberget i 2008, der han skriv at han vil fremme ei restriktiv haldning. Sia har ikkje organisasjonane høyrd noko. Bell Batta Torheim i Utviklingsfondet meiner den norske regjeringa ventar på utfallet i EPO, men imens vert det stadig godkjent nye patent.

 

Det Europeiske patentverket har de siste åra begynt å tildele patent på vanlege planter og dyr.  Ei av de store konfliktsakene er patent på brokkoliplanter med særleg høgt innhald av visse sukkerforbindelser som motverkar kreft.  Dei norske organisasjonane meiner tildelinga av brokkolipatentet strider mot Norge si haldning om å føre ein restriktiv patentpolitikk.



Dei peikar dessutan på at det også internt i den europeiske patentorganisasjon er vilje til å stramme inn. Derfor meiner dei at Norge måtte bruke høvet til å seie klart ifrå, skriv Nationen.

 


- Regjeringa er  taus overfor det sivile samfunn. Vi lurer på om Norge har gjort noko i det heile, seier Torheim. Organisasjonane ventar framleis på svar frå Storberget.
- I januar vart vi lova at brevet skulle kome snart. No er det juni, seier Torheim. Justisministeren ønska  måndag ikkje å kommentere dette til Nationen.

 

Her kan du lese saka i Nationen.

 

Fleire saker om GMO finn du i Gennnytt.

Annonsører

Samarbeidspartnere