Positivt med grøftetilskot - men ikkje nok aleine

08.12.2011
Noregs Bondelag diskuterar tiltak for bøndene, blant anna grøftetilskot. - Eit grøftetilskot er positivt, men aleine er det ikkje nok. Det seier fylkesagronom i Buskerud, Øystein Haugerud. Når vatnet står på jordoverflata er problemet ofte at vatnet ikkje synk ned til grøftene. Me må sjå lenger enn berre grøfting, legg han til.

 

På bildet: ein kompostvendar

Diskusjon om grøfteforslag

Norges Bondelag er i tenkjeboksen om korleis virkemiddelbruken på ein betre måte kan stimulera dei aktive bøndene, til dømes gjennom å innføre støtte til grøfting, kalking og fornying av plantemateriale. Det skriv Bondebladet i 1.desember-utgåva, etter at Vestfold Bondelag sine lokallagsleiarar møttes på Tjøme.

 

Jordbiologi - for god økonomi

Det er positivt med grøfting, seier fylkesagronom Haugerud, men når me ser at porene som er viktige for transport av vatn og luft er tette frå toppen og ned, er ikkje grøfting dei einaste tiltaket som vil hjelpe. Korleis ein kan betre jorda i matjordlaget var noko av det som vart diskutert på seminaret i Drammen "Levende Matjord".

 

Les "Frå jord har me kome til jord skal me bli..."

 

Buskerud er foregangsfylke innan området, og jobbar med forsking på jordprøvar, utprøving i felt bla. med kompostkultur, og ikkje minst for å spreie informasjon om det essensielle ved jordbiologi for både god økologi og økonomi.

 

 

Grøfting som musikk i øyrene

På møtet for Vestfold Bondelag var forslaget om grøftetilskot for nokre som musikk i øyrene, mens andre såg på grøftetilskot som ei belønning for dårleg vedlikehald av eigne areal og "straff" til bønder som har haldt jorda si i god stand og dermed god økonomi, skriv Bondebladet.

 

 

Oikos - Økologisk Norge positiv til grøfting

Eit grøftetilskot har tidlegare vore fremja i jordbruksforhandlingane av Oikos - Økologisk Norge, og me stillar oss fortsatt positive til dette. Det seier fagkonsulent økologisk landbruk, Helene K. Austvoll. Grøfting er ei viktig teknisk løysing på blant anna erosjon, avrenning og jordpakking, men me er likevel einige med Haugerud at viss me skal sjå ei betring i jordkvalitet og utfordringane nemnt ovanfor, må me sjå på andre aspektar ved drifta enn berre grøfting. Det gjeld i økologisk så vel som konvensjonelt, legg ho til.

 

 

 

 

 

Annonsører

Samarbeidspartnere