Prosjektmedarbeidar festival og større arrangement

10.01.2010
Oikos søkjer ein prosjektmedarbeidar, som skal bidra til å gjennomføre prosjektet ”Arrangementsvegleiing”. Du skal fungere som prosjektmedarbeidar, med spesielt ansvar for mellom anna utvikling av materiell til bruk på arrangement, kampanjar, stands og kurs/foredrag ved behov. I stillinga vil det også vere aktuelt å arbeid med organisasjonsutvikling og medlemsoppfølging.

Biletet er frå Øyafestivalen som Oikos har eit nært samarbeid med. Bilete: Oikos

Vil du bli prosjektmedarbeidar i Oikos?


Sidan 2007 har Oikos drive eit festivalprosjekt der hovudmålet er å auke tilgjengelegheita og profileringa av økologisk mat på festivalar. Frå 2010 skal vi arbeide for å få større fokus på sunn økologisk mat også på idrettsarrangement.

Oikos, fellesorganisasjon for økologisk produksjon og forbruk, har 9 tilsette med kontor i Miljøhuset, Grensen 9b i Oslo. Organisasjonen jobbar for å fremje økologiske verdiar og samfunnssyn. Sentralt er å fremme økologisk produksjon og omsetting gjennom politisk arbeid, samt ulike prosjekt. Vi gir ut magasinet Ren Mat, Gennytt og nyhendebrev.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innan kultur, leiing og /eller marknadsføring
  • Kjennskap og gjerne erfaring for arbeid med arrangement
  • Kjennskap og engasjement for økologisk mat og landbruk
  • Kjennskap til organisasjonsarbeid


Ønska eigenskapar:

  • Genuin interesse for økologisk landbruk og mat
  • Stor arbeidskapasitet
  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • Strukturert med gjennomføringsevne



Stillingsprosent: 80-100 %
Lønn etter avtale.

Meir informasjon om stillinga og om Oikos finn du her.
Ytterlegare informasjon kan du få frå prosjektleiar Idun Leinaas, 23 10 96 49/ 917 32 877, og dagleg leiar Reidar Andestad, 412 71 664.

Søknad inkludert CV sendast til reidar@oikos.no innan 25.januar. Det er ønskeleg med oppstart i stillinga 1.mars.

Annonsører

Samarbeidspartnere