Ran av jord

09.02.2010
Landbrukskonsern driv massivt oppkjøp av jord i uland. Ein av konsekvensane er auka satsing på genmodifiserte plantar, skriv Dag Seierstad i Klassekampen laurdag 6. februar. Seierstad er EØS-rådgjevar for stortingsgruppa til SV.

Matkrisa har skremd land som Kina, Japan, Egypt og Gulfstatane til å kjøpe eller leige enorme areal til dyrking av mat, særleg i Afrika. Resultatet er som regel eit industrilandbruk som dreg med seg miljøproblem, ureining ved bruk ak kjemikaliar, redusert biomangfald ved satsing på monokulturar og genmodifiserte plantar, skriv Gennytt.

Bildet viser soyadyrking i Brasil. Flere land kjøper opp areal og produksjoner i andre land for å sikre egen matforsyning.  Gennytt forteller at disse landene ofte legger om de kjøpte arealene til GMO-produksjon.

 

Irreversibelt

Klimaendringar og intensivjordbruk trugar allereie det biologiske mangfaldet. Det vert ytterlegare truga av genmodifiserte plantar, seier Benedikt Haerlin, tidlegare medlem av EU-parlamentet. Han leiar no den globale Save our Seeds-kampanjen i samarbeid med kring 300 miljøorganisasjonar.

- Konsekvensane for miljøet er enorme og ekstremt farlege, og når det først har skjedd, er det uråd å snu, seier han.

 

Heile denne saka er frå Gennytt.  Les om Gennytt under Ren Mat på Oikos-siden.

 

Les meir om saka her

Annonsører

Samarbeidspartnere