Rasande Havfrue-pris til Monsanto

20.12.2009
Monsanto fekk Den Rasande Havfrue-prisen for å framstille genmodifiserte RoundupReady-plantar som ei løysning på klimakrisa. GM-soya vert også dyrka som biodrivstoff, og Monsanto ynskjer at desse plantane skal bli del av den grøne utviklingsmekanismen, CDM. Bruken av RoundupReady-plantar vil dermed få eit ytterlegare konkurransefortrinn fordi dei då vil kvalifisere til CO2-kredittar, skriv Gennytt.

 Det er usikkert om dette bildet av den sinte havfrue vil bli hengt opp i Monsanto sitt hovedkvarter.  Monsanto fekk prisen av miljøbevegelsen under klimakonferansen i København for deres forsøk på å prøve å stemple genmodifisert mais som bærekraftig.

 

Verda sin største miljøorganisasjon Friends of the Earth International står bak prisen saman med m.a. ATTAC
Danmark, og Naomi Klein annonserte prisvinnaren på ein pressekonferanse i København tysdag kveld.

 

Monsanto er medlem av The Round Table on Responsible Soy (RTRS) som, i
følgje prisutdelarane, har gitt selskapet ei hjelpande hand ved å opne for
at genmodifisert soya vert stempla som bærekraftig.

 

Alle kandidatane har drive lobbyverksemd for å auke eiga forteneste og
hindre effektive tiltak mot klimaendringane. Les meir om prisen og alle dei
åtte kandidatane på hjemmesiden <http://www.angrymermaid.org/>  til Den
Rasende Havfrue.

 

Informasjonen er henta frå siste utgave av Gennytt.  Sjå Gennytt under Ren Mat.

 

Sjå prisutdelinga på Youtube her:

 

Dette er et GMO-soyafelt i Brasil.

Monsanto rular...

Associated Press har i ein omfattande artikkel avslørt korleis Monsanto
mellom anna skvisar konkurrentar. Konfidensielle, detaljerte kontraktar
forpliktar bønder til å kjøpe Monsanto-frø. Andre middel er omfattande
patent på frø og gen, rettssakar mot alle som bryt kontraktar og
patentrettar og oppkjøp av ei rekke andre frøselskap. Slik har Monsanto
tileigna seg full kontroll over mindre frøselskap og styrer utviklinga av
GMO-ar i nye utanlandske genteknologiselskap.

 

Meir inforformasjon her 

 

 

- men ikkje overalt.

Den føderale domstolen i St. Louis i USA har dømt Monsanto til å betale to
millionar dollar i skadeerstatning til to bønder som har fått avlingane sine
ureina av genmodifiserte plantar frå selskapet. Dommen fall 4. desember, og
kan ikkje ankast.

 

Til saman har over tusen amerikanske bønder gått til sak mot Monsanto for
liknande tilhøve. I følgje ein av advokatane til bøndene, er 30% av dei
konvensjonelle rismarkene i USA smitta med genmodifisert ris.

 

Etter dommen fall rismarknaden med 14 prosent, noko som påfører amerikanske
risbønder eit tap på 150 millionar dollar, skriv lesmontsontunsens.com

 

 

Kilde og mer informasjon her

Annonsører

Samarbeidspartnere