Rognebærmøllen let seg ikkje lure med kjemi

15.03.2012
Eit av dei insekta som gjer størst store skade innan fruktdyrking er rognebærmøll.- – Rognebærmøll er eit eksempel på ein skadegjerar som det ikkje går an å lure med kjemiske middel, seier forskingssjefen for avdeling plantesjukdom Arne Stensvand i Bioforsk. Da er kunnskap utvikla innan økologisk produksjon nyttig, skriv LMD på si heimeside.

 

 

 

Omfattande prøving for å finne dei rette sortane

 

Bioforsk har i møte med statssekretær Butterdal spelt inn kva slags kunnskap som må utviklast for å nå oppnå størst mulig avling av best mulig kvalitet over en lang sesong. Bioforsk meiner det er naudsynt å utvikle sortsmateriale enda betre tilpassa norske klimaforhold. Gamle og nya sortar må prøvast ut i tilstrekkelig omfang.

- Vi må utvikle og prøve sorter for norske klimaforhold, men så må vi òg lære meir om korleis vi skal behandla dette plantematerialet, seiar avdelingsleiar Mekjell Meland ved Bioforsk Vest Ullensvang.

 

 

Nye og betre produkt

 

Det er vidare behov for auka kunnskap om prosessar etter hausting. Bioforsk legger vekt på kunnskap om lagringsfysiologi, for å kunne utvida sesongen når norsk frukt og bær kan seljast. Det ligg eit betydeleg potensiale for å utvikle nye og betre produkt i samarbeid med næringsmiddelindustrien.

 

 

 

 

Les meir hos Bioforsk Vest Ullensvang

Annonsører

Samarbeidspartnere