Roundup farlegare enn antatt

08.01.2009
I siste utgåve av Gennytt kan ein lese om ei ny fransk undersøking om ugras-sprøytemidlet Roundup som er svært utbreidd i bruk over heile verda. Sjølv i svært små dosar - utblanda opp til 100 000 gonger - drep ulike Roundup-variantar menneskeceller på få timar og skadar membranar og DNA. Oikos ber bønder og hageeigarar om å boikotte Roundup.

 

Monsanto: Svimlande overskot frå sal av sprøytemiddel og GMO-frø

Frø- og sprøytemiddelgiganten Monsanto auka overskotet i månadane september - november 2008 med 117 prosent i høve same periode i 2007. Overskotet for dei tre månedane i fjor var på 558 millionar dollar - eller nesten eit halvt norsk landbruksbudsjett. Særleg gjer selskapet det godt i Sør-Amerika, ikkje minst på grunn av ugrasmiddelet Roundup. Monsanto har utvikla fleire genmodifiserte soya- og maissortar som tåler meir av denne ugrasgifta enn vanlege plantar. Roundup vert i mange tilfelle spreidd med fly, og det er rapportert om dødsfall og alvorleg sjukdom i blant folk som bur rundt mais- og sojaåkrar som vert sprøyta.

 

Samstundes viser ei ny undersøking av Nora Benachour og Gilles Eric Séralini at sjølv svært små dosar - utblanda opp til 100 000 gonger - av ulike Roundup-variantar drep menneskeceller på få timar og skadar membranar og DNA. Giftverknaden vert auka på grunn av glyfosat og andre tilsettingsstoff som finst i ugrasmiddelet. Undersøkinga er publisert i det amerikanske tidsskriftet "Chemical Reseaurch in Toxicology".

 

http://pubs.acs.org/doi/abs/10.1021/tx800218n

 

 Roundup 1 liter med barnesikring og skum!

Ønsker du å lese korleis Monsanto framstiller sitt sprøytemiddel kan du blant anna sjå på:

Følgende er sakset fra  http://www.info-roundup.no/

-----Historien om Roundup er en gedigen og unik suksess. Roundup er kjent som verdens mest effektive og mest gjennomtestede ugressmiddel og brukes over hele verden av både profesjonelle og private.

 

Det er også en historie om fordommer, feiltolkninger, misforståelser og "vandrehistorier" som har ført til mange års debatt om Roundup og miljøet, og som ofte har reist tvil omkring berettigelsen av Roundup.

 

Dette til tross for at mer enn 1.000 miljømessige og toksikologiske analyser går god for Roundup, og at Roundup er godkjent til bruk i flere enn 100 land over hele verden.

 

Den eneste måten å overkomme disse fordommer på er større kunnskap blandt hageejere omkring produktet og dets effekt på planter og miljø, og det er nettopp det som er formålet med denne hjemmesiden. ---- - Dette var Monsanto sin reklame.

-----

 

Tilbud på Gennytt

 

Ønsker du å sikre informasjon om hva som skjer på dette området og innen GMO kan du abonnere på Gennytt

 

Her slår vi tilbake til nynorsk:

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

Tips oss på gennytt@oikos.no .

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat. Nyheitsbrevet vert finansiert ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Ren Mat.

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no

Annonsører

Samarbeidspartnere